- BLIR ARRANGERT
Klart for ny opptur til Mefjellet
Valldal Idrettslag ved Heidi Anita Erstad Hoel inviterar til det 5. Mefjellet opp søndag 24. juli kl.12.00
Denne utfordringa startar på kaia i Fjørå og endar på Mefjellet 1100 moh. Distansen er 7 km. Arrangøren har godt håp om at deltakartalet i år skal passere 200 startande. I 2010 var det i alt 185 registrerte deltakarar.
Det er klasse for dei som vil konkurrere kun mot seg sjølv utan tidtaking. Dei kan starte på føremiddagen og bruke den tida dei vil.
Dei ivrigaste vil nok starte i konkurranseklassa og det klart for nye duellar. Fjorårets vinnar Johan Bugge frå Eidsvåg er venta på start. Då gjennomførte har løpet på rekordraske 45,39. Det er meir usikkert om fjorårsvinnar i dameklassa, Anita Håkenstad Everstsen frå Øystre Slidre, stiller i år. I fjor sette ho ein fanstastisk løyperekord på 51,21. Den vil verte vanskeleg å slå. Uansett kven som stiller vil det verte mange spennande og harde tak i bakkane opp mot toppen.
Mefjellet Opp har etablert seg som eit populært motbakkeløp. Terreng og underlag er variert og set krav til deltakarane. Løypa er likevel slik at den som er i god form kan springe heile distansen. Arrangøren ser fram til søndag den 24. juli og håper at årets opptur i Fjørå vil verte tilgodesett med fint ver og mange fornøgde deltakarar.
Det har vore stilt rundt Anita Håkenstad Evertsen i det siste. Men ho var med på Mefjellet Opp i fjor og vant kvinneklassa. Foto: Anne Jenny Dvergsdal
Sjå Mefjellet Opp på terminlisten med link til heimesida
Les reportasje om Mefjellet Opp 2010