Dei tre raskaste damene til Fonnabu; Frå venstre nr.1 May Britt Buer, nr 2 Karin Hilstad, nr 3. Tina Eik
Dei tre raskaste damene til Fonnabu; Frå venstre nr.1 May Britt Buer, nr 2 Karin Hilstad, nr 3. Tina Eik

May Britt Buer sette løyperekord i Folgefonna Opp

66 deltok under Folgefonna Opp i år, der 27 var med i konkurranseklassen til Fonnabu og 30 mosjonistar medan 9 juniorarar sprang til Gardshammar.

Publisert Sist oppdatert

Der er ein liten nedgang frå i fjor, men ikkje så gale dei usikre vermeldingane på førehand tatt i betrakning.

Det vart litt surt ver med skodde og regn på toppen. Då gjorde det godt å kome inn på Fonnabu og få varmen att med fruktsuppe.

Første mann opp til Fonnabu i år vart Øystein Halldorson Korlevoll-Odda med tida 1.29.45.

Dei to neste vart Lars Olav M. Apold, Gular og Andreas Søfteland, Hagavik. Beste dame til Fonnabu vart May Britt Buer, med tida 1.40.21.

May Britt sette dermed løyperekord og vann i tillegg ein lokalprodusert handlaga kniv.

Bård Olav Medhus, Røldal IL vann juniorklassen suverent og imponerte stort med å vera aller første mann til Gardshammar, foran alle konkurranseløparane.

Han fekk tida 35.51. Imponerte gjorde også søsken Marcus og Emilie Enes-Seeberg med sterke tider tross ung alder. Emilie vart soleklar vinnar i junior damer.

Alle foto arrangøren

IMG_7364.jpg


Topp 3 herrer, Andreas Søfteland, Øystein Halddorsson og Lars-Olav Måkestad Apold

Alle resultater Folgefonna Opp

IMG_0408 (1).jpg


Øystein Halddorsson først til topps.

IMG_0409 (3).jpg


Lars-Olav Måkestad Apold blir nr 2

IMG_0413 (7).jpg


Andreas Søfteland inn til 3. plass

IMG_0427.jpg


May Britt Buer vinner dameklassen

IMG_7329.jpg


Vinnarane i junior gutar, Frå venstre nr. 2 Marcus Enes-Seberg, nr 1 Bård Olav Medhus

IMG_7331.jpg


Vinnarane i junior jenter; frå venstre nr2. Oda Medhus, nr 1 Emilie Enes-Seberg

Powered by Labrador CMS