Kvinneklassen
May Britt slo løyperekorden med heile 2.35 minuttar. Ho var aldri trua i dameklassen, og kom til topps som nummer åtte av totalt 77 startande. Merete Weng, BUL kom inn omlag minuttet etter Buer, og fekk tida 31.02. Den store sensasjonen stod likevel Anna Elise Borlaug i frå Undredal for. Ho har aldri konkurrert, eller delteke i aktiv idrett tidlegare, og sprang inn til ein flott tredjeplass i dameklassen. Tida 33.30 er imponerande, teke i betraktning at Anna Elise ikkje har drive med organisert trening eller delteke i eit idrettsstemne. Ragnhild Anderson, BFG Fana blei nummer 4 med 33.42 og Merete Helgheim, Gloppen FIL nr. 5 med 33.50.  

 
Førsteplass til Tormod Tjørnhom i herreklassen
Øyvind Sundby Heiberg, fjordårets vinnar, måtte melda forfall på grunn av sjukdom, og Tormod Tjørnhom frå Kristiansand toppa herreklassen med gode 27.31. Dette er godt over minuttet bak løyperekorden til Heiberg, som i fjor sprang på 25.55 i den stupbratte løypa til Rimstigen. Løpet har først 475 flate meter etter veg, men stikk deretter stupbratt til fjells. Dei neste 2,2 kilometrane har ei stigning på 725 meter, noko som tilsvarer ein stigningsprosent på omlag 32%. Nesten hakk i hel kom Leif Bjørn Grindedal, Feios IL på 27.39 og Einar Trefall, Eksingedalen IL med 27.47. Sverre Morten Sletthaug, BFG Fana blei nummer 4 med 28.20 og Jann Olav Tjønneland Viksdalen IL  nr. 5 med 28.50.
 
Eit flott løp
"Dette var eit kjempeflott løp..." var kommentaren til May Britt Buer då ho mottok førstepremien og bonus for ny løyperekord i Rimstogen Opp. Ho deltok for første gong, men arrangørane kunne gledeleg leggja merke til at svært mange av deltakarane i 2012 også var å finna på startsteken i fjor. Totalt deltok 77 i klassen på tid og 99 i turklassen.

Resultater kvinner

Resultater menn

Starten har gått for Rimstigen Opp og vi ser at Tormod Tjørnholm er først ute i starten 
 

Dei tre beste kvinnene i Rimstigen Opp 2012. Frå venstre: Ann Elise Borlaug (nr.3), Merete Weng (nr.2) og vinnaren
May Britt Buer
 

Dei to vinnarane i motbakkeløpet: May Britt Buer og Tormod Tjørnholm