Til og med på løpsdagen var det mange som meldte seg på like før start, noko som førte til ei lei utfordring for arrangøren. 150 medaljar var bestillt inn, medan 157 deltakarar stod klare på startstreken.

– Det er eit luksusproblem, og nokre av personane i arrangørstaben ofra lett medaljen sin for at alle dei som kom langvegsfrå skulle få med seg ein medalje heim. Det er faktisk godt å sleppe å brenne inne med nokre medaljar, så kjekt at alle forsvann ut, seier leiaren i friidrettsgruppa Dag Einar Bøtun.
Mensen Ernst Minneløp kan vise til god deltaking, men også ei overvekt av kvinnelege deltakarar for tredje året på rad. På tre av fire distansar var damene i fleirtal. Og spesielt på den lengste distansen (12 km), var kvinnene dominerande, med 9 av dei 11 som fullførte. Totalt var det 157 deltakarar i hovudløpet (4 distansar + stafett), 5 i barnevognløpet og 35 born i barneløpet som gav ein total på 197 deltakarar, rett bak rekordåret i fjor som hadde 203 deltakarar.
– Me hadde rekord-deltaking i hovudløpet, barnevognløpet og på stafetten. Det var kun barneløpet som hadde ein del mindre deltaking enn i fjor. Såleis er me veldig godt nøgde med deltakinga, seier Bøtun, som også hintar frampå at det fristar å bestille inn endå fleire medaljar til neste år.

– Når me blir utsolgt, så får ein jo lyst å auke deltakartaket til neste år, men den største utfordringa er at dei fleste gjerne melder seg på seint. Då me bestillte inn medaljane ein månad før løpet, så var det ikkje meir enn 40 påmeldte. Og ei veke før løpet var det 80 påmeldte. Så det er jo alltid nervepirrande den siste veka.

Mensen Ernst Minneløp har dei siste åra etablert seg som det største løpet i Sogn basert på antal deltakarar. Vinnaroppskrifta meinar dei er enkel.

– Me fokusera utelukkande på rørsleglede, personleg meistring og god stemning. Det er lite fokus på tider, vinnarar og rekordar. Me trur også at det hjelp at me kan tilby fire ulike distansar for alle nivå, frå 1,5 km som kortaste, til 12 km som lengste. Målet vårt er at absolutt alle skal kunne delta, uavhengig av føresetnadar. Basert på tilbakemeldingane me har fått, så føler me at me traff på dette også i år. Mange nøgde deltakarar gjer at det er verdt all dugnadsinnsatsen som blir lagt ned av dei frivillige. Me gledar oss allereie til neste år, avsluttar Bøtun.

Sjå fleire bilete i biletkarusellen øvst i saka.

Arrangementets nettside

Resultater

Plass Fornavn Etternavn Klubb Tid
  Kvinner - 3 runder      
1 Randi Øyri IL Modig 35:26.0
2 Era Samuline Prøven Borgund Stårheim il 37:17.0
3 Brita Helleland VIK I Sogn 37:54.0
4 Tirill Tønder Team Tønder 39:04.0
5 Johanne Hønsi Vik IL 44:56.0
6 Ingrid Kleven Vik IL 45:02.0
7 Aud Hønsi Bøthun Fresvik 50:42.0
8 Lise Haugen Team Tønder 53:01.0
9 Aslaug Bøtun Fresvik 54:49.0
10 Hedda Helleland Tistel VIK I Sogn 55:35.0
11 Gyda Bøtun   1:06:35.0
12 Kirsten Bøtun Modig IL 1:06:38.0
13 Øydis Bøtun Fresvik 1:11:27.0
0 Sara Tenold VIK I Sogn  
0 Joanna Tenold Vik i Sogn  
         
  Menn - 3 runder      
1 Eirik Breili Fresvik 29:39.0
2 Rune Fossum Lillesvangstu Førde 29:58.0
3 Emil Christensen Vik 31:38.0
4 Jarle Christensen Vik 31:46.0
5 Endre Gilpin Fresvik 34:00.0
6 Viljar Tønder Antun Team Tønder 37:12.0
7 Espen Skjerven Holen Feios 37:42.0
8 Audhild Hønsi   39:00.0
9 Gabriel Haugen Holdhus Team Tønder 43:54.0
10 Jørund Rundsveen Nerberg Kaupanger 44:51.0
11 Arve Hønsi   44:56.0
0 Kjetil Magnar Guddal Senadrott Motbakkelag Søre Sunnmøre fullført
         
  Kvinner - 4 runder      
1 Susanne Mead Bergen 1:00:17.0
2 Liv Gilpin Fresvik 1:01:02.0
3 Silje Bjørneklett Modig IL 1:01:59.0
4 Gunvor Refsdal VIK I Sogn 1:02:09.0
5 Ellen Terese Harbakk Vik IL 1:03:17.0
6 Eli Merete Velle Bergen Kommune 1:08:34.0
7 Henriette Stokkenes Sogndal 1:15:11.0
8 Kari Johansen Prøven Eid IL 1:16:17.0
9 Kristine Njøs Slinde Norane IL 1:23:08.0
         
  Menn - 4 runder      
1 Arvid Brudevoll Vik IL 52:10.0
2 Stein Kjetil Hefte Opptur Motbakkeklubb 1:00:36.0
3 Ruben Bøtun Kaupanger DNS
         
  Kvinner - 2 runder      
1 Tora Opheim Nesbø Bjørgum IL 17:46.0
2 Sunniva Lekve Rådal 19:32.0
3 Torill Nesheim Tokvam IL Modig 21:08.0
4 Isabel Bøthun Sogndal IL 22:06.0
5 Marte Sennerud Hvam IL 22:14.0
6 Maria Elisa Høgheim Modig IL 23:04.0
7 Eva Hov Grindedal Feios 23:08.0
8 Ronja Soldal Sletner Bjørgum IL 24:27.0
9 Kristin Hønsi Vik IL 26:30.0
10 Nann Ingunn Simlenes Fresvik 27:38.0
11 Angelica Haugen Holdhus Team Tønder 29:34.0
12 Mari Bøtun Fresvik 31:59.0
12 Johanne Daltveit-Bøtun Fresvik 31:59.0
14 Leah Alexandra Daltveit-Bøtun Fresvik 36:09.0
15 Gerd Nummedal   38:03.0
16 Magnhild W. Breilid   38:10.0
0 Audni Bøtun Fresvik fullført
0 Bente Otterdal Nilsen Ørsta fullført
         
  Menn - 2 runder      
1 Benjamin Gilpin IL Modig 17:44.0
2 Oleksii Ditiatkin VIK I Sogn 18:37.0
3 Ole Håkon Tokvam IL Modig 19:13.0
4 Ari Petrus Prøven Borgund Stårheim IL 20:26.0
5 Isak Øyri Kørra IL Modig 20:56.0
5 Espen Kørra   20:56.0
7 Ola Bjørneklett Modig IL 21:16.0
8 Haavard Breilid Lillestrøm 24:00.0
9 Olav Tønder Antun Team Tønder 29:35.0
10 Fredrik Vaagen Tjemsland Rådal 29:36.0
11 Erling Daltveit-Bøtun Fresvik 31:04.0
12 Jostein Daltveit Fresvik 31:05.0
13 Fredrik Stokkenes   31:06.0
14 Henrik Stokkenes   31:07.0
15 Mikolaj Chwalinski   32:02.0
16 Camillo Fagerdal   34:28.0
17 Daniel Fagerdal   34:29.0
18 Arne Dag Nummedal   38:04.0
19 Ingar Breilid Førde 38:13.0
0 Agnar Bøtun Fresvik fullført
0 Hans Helleland VIK I Sogn fullført
0 Magnar Nilsen Senadrott Motbakkelag Søre Sunnmøre fullført
0 Tommas Prozenko Senadrott Motbakke lag Søre Sunnmøre fullført
0 Gustav Helleland Tistel Vik IL fullført
         
  Kvinner - 1 runde      
1 Malene Hov Grindedal Feios 6:58.0
2 Lisa Bøthun Sogndal 7:10.0
3 Guro Bøthun   7:40.0
4 Myroslava Ditiatkina   8:01.0
5 Tilde Øyri Thue Sogndal IL 8:40.0
6 Ingrid Elise Gilpin IL Modig 8:44.0
7 Liva Bukve Sogndal 9:21.0
8 Jenny Elise Vangsnes Feios IL - friidrett 9:31.0
9 Emma Abrahamsen Driv I.L. 11:09.0
10 Julie Kristin Ness Feios IL - friidrett 12:19.0
11 Reidun Breilid Lillestrøm 12:59.0
12 Linn Tønder Team Tønder 15:51.0
13 Hanna Bjørneklett Modig IL 19:31.0
14 Marie Stensholt Modig IL 21:56.0
14 Hermine Stensholt Bøtun Modig IL 21:56.0
16 Julie Bøtun Modig IL 21:57.0
0 Ingvild Borlaug Feios fullført
0 Jannicke Bukve Sogndal fullført
0 Hanne Eriksen Feios fullført
0 Sigrid Hønsi Gressgård Nesttun fullført
0 Fride Mathilde Holen Feios fullført
0 Mie Karoline Holen Feios fullført
0 Eline Sofie Holen Feios fullført
0 Siv Settevik Fresvik fullført
0 Tuva Soldal Sletner Bjørgum IL fullført
0 Britt Thue Sogndal fullført
0 Marita Vangsnes Sirevaag Fresvik fullført
0 Anne Marie Øyri IL Modig fullført
         
  Menn - 1 runde      
1 Sander Hov Grindedal Feios 6:25.0
2 Lavrans Vangsnes Feios IL - friidrett 7:11.0
3 August Hønsi Erga   8:43.0
4 Magnus Hønsi Gressgård Nesttun 9:58.0
5 Nils Tistel Vange   12:49.0
6 Haakon Tønder Kjeilen Team Tønder 15:52.0
7 Inge Øyri IL Modig 16:18.0
8 Knut Tistel Vange   19:09.0
9 Ronny Bjørneklett Modig IL 19:32.0
10 Adrian Kørra   20:40.0
11 Aleksander  Cordonier Andersen Modig IL 21:56.0
12 Thor Håkon Tokvam IL Modig 24:58.0
13 Mona Husbyaune   35:40.0
14 Elias Stokkenes   35:45.0
0 Kåre R Haugen Monkehåjen Gt,Hornindal fullført
0 Niklas Settevik Høgberg Fresvik fullført
0 Haakon Vangsnes Feios fullført
0 Bjørnar Øyri Modig fullført
0 Martin Øyri Modig fullført

 

  Stafett kvinner      
1 Breilidbakkens Beste (Stein Kjetil Hefte, Siri Hoff, Ole Håkon Tokvam, Torill Nesheim Tokvam) VIK I Sogn 1:08:56.0
2 Besto og gullisane (Marta Ringheim, Håvard Kristiansen, Siri Ringheim Heggenes, Sigrid Kristiansen) Syril IL 1:10:04.0
3 Familien Lien Bardølsgård (Oliver Lien Bardølsgård, Sebastian Lien Bardølsgård, Marte Lien Bardølsgård, Arne-Olav Lien Bardølsgård) Modig IL 1:15:14.0
         
  Stafett menn      
1 Bortkasta potensial (Henrik Bøtun, Jørund Rundsveen Nerberg, Ørjan Bøtun Lilleøren, Dag Einar Bøtun)   31:29.0
2 Familien BP (Vidar Pedersen, Rebecca Breistein, Emilie Breistein Pedersen, Jonas Breistein Pedersen) Sædalen Idrettslag 57:24.0