Fyrste arrangement for idrettslaget i det nye året var vinterkaruslløpet tysdag 7. januar. Det var god deltaking med omlag 60 trimmarar i den milde januarkvelden.

Tidene var jamnt over gode, men det var få nye persar denne kvelden. Det var nok truleg mest grunna sterk motvind på utveg. Sjølv om det vart medvind på innatt, so vog ikkje dette opp for tidstapet frå fyrste halvdel av løpet. Men folk kosa seg og stemninga var på topp. Det var mildt og føret var upåklageleg. Litt regn var det i lufta, men ganske fine løpstilhøve, med unnatak for den nemde vinden. 

Bilete til venstre: Even Mundheim Oma, Preben Ekerhovd og Sondre Svåsand Måge f.v. er alle ivrige på vinterkarusellen.

Bjoernar_Sandnes_Lillefoss_Kjetil_Lammedal_IMG_0002.jpg
Staute karar på vinterkarusellen: Bjørnar Sandnes Lillefosse og Kjetil Lammedal f.v. Bjørnar var som so ofte før den fyrste over mållina. Han gjorde eit kjempeløp i vinden, ikkje so langt unna persen. Formen er god. Aleksander Skogasel (i bakgrunnen) er fast medlem i arrangørstaben til vinterkarusellen.

Det var også nokon nye påmeldte denne gongen. Veteranen Ingvard Nordtveit frå Baldersheim sprang eit godt løp. Hege Olsen og Geir Vegard Brenne deltok òg for fyrste gong denne sesongen. Dei er begge kjende for å springe bra, og kom inn på gode tider. Hege Olsen var nest raskaste kvinne, med kun Torild Kveberg føre seg i mål. Hege vann også ein av premiane som vart trekte på startnummer etter løpet, nemleg ein av posane med energigel og energibar m.m. Den andre vart vunnen av Hanna Øygard. Tskjorta med vinterkarusellmotiv vart vunnen av Cathrine Berge. Syster hennar Sunniva vann hovudpremien på kr. 500,- til bruk på Mo Sport i Norheimsund.

Det har vore kjempetilhøve for løpstrening på Strandebarm Idrettspark heile denne vinteren til no. Mange er flittige brukarar av både løpebanane, joggeløypa og idrettshallen. Neste løp i vinterkarusellen er tysdag 28. januar kl 19. Vel møtt!

Amalie_Svaasand_Maage_IMG_0001.jpg
Amalie Svåsand Måge er alltid til stades når det er vinterkarusell.

(Alle bileter: Strandebarm IL)

Alle resultater.