For tredje gong hadde Årdalstangen IL invitert til "16% ATTRAKSJONS-motbakkelaup" langs bilvegen frå Strondi i Seimsdalen opp gjennom verdas brattaste tunnel, Offerdalstunnelen, med mål ved "Aosahytta" på Seimsåsen. Offerdalstunnelen med 16% stigning, var eit av dei fyrste innslaga i NRK-serien Norsk Attraksjon med Linda Eide.

84 deltakarar hadde takka Ja til invitasjonen, inkl Kondis' utsendte som kom rett frå 33 grader i det tyrkiske meistarskapet i fjelløping opp og ned til 7 grader inne i Offerdalstunnelen. Det vart ei forfriskande og unik løpsoppleving som gav meirsmak.  Det var fjorårsvinnar og tidlegare løyperekordhaldar Kjell Mundal, Jølster,  som tipsa meg om løpet. Han veit at eg jaktar på unike løpsopplevingar og ikkje minst at eg er på jakt etter løp som kan nyttast til å promotere motbakkeløp spesielt og fjelløp generelt som internasjonal meistarskapsidrett.

EM og VM-løypene i motbakkeløp skal t.d ha ei snittstigning på mellom 8 og 12% med 10% som rettesnor. ( Løpslengda i EM og VM er 12km for herrar senior, 8km for damer senior og menn junior og 4km for kvinner junior. Løpslenga kan variere med maks 20% i forhold til standarden).  Eg nemner ikkje dette her fordi Aosen Opp kan bli EM-el VM-Løype, fordi det er uaktuelt pga av eit anna løypekrav: maks 20% av løypa kan gå på asfalt . Eg nevner Aosen Opp fordi løypa har perfekt snittstigning og vil være ei perfekt testløype og uttakingsløp til EM og VM. Løypene i EM og VM går hovudsakleg på fine lettløpte turvegar. 

Skal ein hevde seg i EM og VM må ein kunne springe fort i Aosen Opp. Det veit Øyvind Heiberg Sundby, Tjalve som har delteke for Noreg i EM-og VM- i motbakkeløp. Sjølv om Øyvind vann Aosen Opp i suveren stil så er  han pt ikkje i toppform etter ein periode med sjukdom og då kan det bli ny løyperekord igjen til neste år...På fotoet nedanfor er Øyvind saman med Ann Kristin Midtun, IL Jotun som vann dameklassa på 52,19.

640_Vinnarane_fotoChrPrestegaard

Foto Christian Prestegård

Resultatliste Aosen Opp 2012 på heimesida til arrangøren med link til reportasje på  Porten.no som har eit stort bildealbum frå løpet

640_Start_konkurranseklassa_fotoO_Heggheim

Frå starten i konkurranseklassa ("aktiv klasse") med 24 deltakarar. Dei to raskaste , Øyvind Heiberg Sundby og Kjell Mundal har allereie passert fotografen. Nr 45 er Roy Forthun Olsen som vart nr 4 totalt. Foto Øyvind Heggheim

640_Start_trim_FotoO_Heggheim

Frå starten i maxtid-klassa som har som mål å springe på under 1 time 15 min. Av dei 35 som starta i denne klassa var det 30 som klarte å kome i mål under 1t 15min. Foto Øyvind Heggheim

640_KjellMundal_FotoOHeggheim

Kjell E. Mundal , Jølster IL , som vann løpet i fjor på 39.15 vart i år nr 2 på tida 39.31. Mundal vann kl. 45-49 år der Geir Grindedal, Norsun vart nr. 2 med tida 41,52 som gav 3 plass totalt. Foto Øyvind Heggheim

640_Chr_m_selvkomponertrefleksvest_Og_nr59

Foto Øyvind Heggheim.

Her spring Kondis' utsendte i triveleg tempo saman med Helge Hovland (59) på veg opp frå Strondi i Seimsdalen mot den 2,2km lange Offerdalstunnelen. Sjeldan har beina mine vore så tunge som då eg sprang inn i tunnelen. Eg kom rett til start etter vel 4 timars non-stop biltur frå Oslo med tunge og stive lår og leggar etter å ha sprunge som "testløpar" i det tyrkiske meistarskapet i fjelløping opp og ned i Pamukkale 3. juni. Det var tre rundar på tilsaman 12,4km med tilsaman 705 høgdemeter opp og 705 høgdemeter unnabakkar. Som teknisk delegert (TD) for EM 7. juli i "mountain running up and down" var eg på oppdrag for det Europeiske friidrettsforbundet for å m.a. å teste løypa og då måtte eg jo springe den i max-fart sjølv både opp og ned. Det gjorde eg to dagar på rad..

Om beina mine var tunge og stive då eg sprang inn i tunnelen så har dei sjeldan vore lettare enn då eg kom OPP frå "tunnel-mørket" i solsteiken på den andre sida i Offerdalen. Kanskje Offerdalstunnelen er Årdals svar på "Snåsamannen"..I allefall kvikna eg meir og meir til gjennom tunnelen ( 7 grader Celcius). Etter nokre meter ute i sola la eg inn ei lita fartsauke for å teste om løpssteget og spurteigenskapane var inntakte.  Då fekk eg ei luke til dei tre andre som eg sprang saman med, Nils, Helge  og Odd Steinar,  som eg kunne kontrollere den siste kilometeren opp til målstreken. 

Aosen Opp vart ei flott og perfekt gjennomkøyring og generalprøve før mitt store hovudmål på forsommaren: NIbbeløpet 21km i Geiranger 16. juni www.frafjordtilfjell.com som også går på veg med nesten 1500m stigning.

Neste år kjem eg attende til Aosen Opp med mål om både å forbetre tida 48,10. Håpar at løpsdagen til neste år blir ein laurdag og ikkje i onsdag. Aosen Opp har det unike som skal til for å kunne bli eit stort nasjonalt løp, men då må nok løpsdagen leggast til helg pga. reiseavstandane til Årdal.

640_Maal_Hytta_Foto_ChrPrestegaard

Foto Christian Prestegård. Flott stemning i målområdet på Seimsåsen der premieutdelinga vart raskt og effektivt avvikla inkl.  utdeling av "norsk attraksjons-t-skjorta" til alle som fullførte. Du ser "16%-attraksjon-t-skjorta" på fotoet av dame-vinnaren Ann Kristin Midtun ovanfor.

Nedanfor er eit oversyn over tidene til alle som deltok i klassane med tidtaking. I tillegg deltok 15 i trim utan tid. Oversyn over klassedelte resultatlister finn du HER. Flott at arrangøren no brukar standard klasseinndeling med 5-års klassar i veteranklassane. Det vil stimulere til stor deltaking også i veteranklassane i framtida...

Tidtaking aosen opp 2012.xls
640_aosenopp
Tunnelopning foto_JabChrJerving

Foto Jan Chr Jerving