Fra friidrett.no:

Cupen består av fleire  løp gjennom heile sesongen der det vert samanlagtpremiering etter fastsett poengsystem. Det blir penge og utstyrspremiar fra SALOMON og SUUNTO for samanlagtrangering etter alle løpa. Klassane i cupen er junior (U20) og seniorklasse for kvinner og menn.

Norgescuparrangementa er tenkt lagt inn i etablerte eksisterande arrangement gjennom heile sesongen, og ein vil ved tildeling vektlegge god geografisk spreiing på arrangementa. Motbakkeløpsutvalget vil også vurdere konkurranseforholda utifrå arrangementets løypertrasè og løypelengde. 


Søknaden om tildeling av arrangement må innehalde:
• Beskrivelse av løypetrase mht. stigning, lengde og løpsunderlag 
• Beskrivelse av arrangement i 2010 inkl deltakartal.
• Beskrivelse av arrangementserfaring.
• Dato for løpet i 2011.
• Overnattingskapasitet i nærområdet.
• Påmeldings og tidtakarsystem ein brukar. 
• Kontaktperson med kontaktinformasjon. 
• Eventuell link til arrangementet sine nettsider.

Krav til arrangør:
Dei som blir tildelt SALOMONCUP Motbakkeløp 2011 må kunne gje hovedsponsoren SALOMON god profilering på arrangementet. Hovedsponsor for cupen krev ikkje bransjeeksklusivitet i arrangement som inngår i cupen, dvs at arrangøren kan ha avtaler med konkurrerande leverandørar og likevel søkje Norgescup.


Arrangør blir tildelt arrangementet under forutsetning av at ein signerer avtale motbakkeløpsutvalet har fastsett for arrangørar av SALOMONCUP Motbakkeløp 2011, og at arrangementet er i tråd med NFIF sitt regelverk. For å bli vurdert må arrangør vere tilslutta krets og forbund og oppfylt sine forpliktelsar mht startavgifter i 2010. Arrangement som går midtveke blir normalt ikkje vurderte for tildeling.

 

Søknad
Søknad og eventuelle spørsmål om SALOMONCUP Motbakkeløp 2011 rettast til leiar i motbakkeløpsutvalet Narve Heggheim. Søknadsfrist 4. februar. 

Kontaktinfo:
E-post: narve.heggheim@friidrett.no 
Telefon: 57 76 12 22