Lyn stilte med ein stor tropp i Hellesyltløpet. (Foto: Fredrik Stadheim)
Lyn stilte med ein stor tropp i Hellesyltløpet. (Foto: Fredrik Stadheim)

Skigutta frå Lyn dominerte i Hellesyltløpet

Årets Hellesyltløp blei gjennomført i steikjande sol i rundt 26 grader C, med flotte forhold og ny deltakarrekord med 111 fullførande.

Publisert Sist oppdatert

Tekst: Hans Kristian Stadheim

Lyn Ski senior hadde i forkant av Hellesyltløpet hatt ei sju dagar lang treningssamling i Sunnylvsbygda og stilte mannsterke opp med mål om å sette ny løyperekord i det 6,6 km lange terrengløpet. Henrik Bakke frå Lyn Ski klarte nettopp dette med tida 21.15. Dette var fattige 1 sekund raskare enn den tidligere rekorden til Anders Mølmen Høst (Lyn Ski) sett i 2012. Også på dei andre pallplassane fann ein to skiløparar frå Lyn, nemleg Jonas Frorud og Anders Høst.

I jenteklassa blei det også ny løyperekord, sett av Kjersti Fresvik på tida 24.12. Solveig Hegstad Krüger (Lyn Ski) var nærmaste løpar på andreplass, mens tredjeplassen blei kapra av ein annan langrennsløpar gjennom Ingvild Øye (Hovdebygda IL).

Som ein ser av resultatlista, spesielt i herraklassen, så sette Lyn-løparane sitt preg på den øvste delen av resultatlista. 13 av dei 15 første mennene i mål representerer Oslo-klubben.

Kvinner
1Kjersti Fresvik, Gular 24:12,000:00,0
2Solveig H Kruger, Lyn Ski 25:03,600:51,6
3Ingvild Øye, Hovdebygda 25:55,301:43,3
4Ingrid Kristensen, Gular 26:32,802:20,8
5Kristin Hjelstuen, Lyn Ski 27:21,003:09,0
Menn
1Henrik Bakke, Lyn Ski 21:15,000:00,0
2Jonas Frorud, Lyn Ski 21:16,000:01,0
3Anders Høst, Lyn Ski 21:17,000:02,0
4Kristian Nedregård, Spjelkavik 21:24,400:09,4
5Sondre Grønvold, Lyn Ski 21:34,000:19,0
6Johan Tjelle, Lyn Ski 22:11,000:56,0
7Anders Aa Resell, Lyn Ski 22:20,001:05,0
8Fredrik Ole O. Andersen, Lyn Ski 22:30,001:15,0
9Harald Wright, Lyn Ski 22:33,001:18,0
10Fredrik B Schwencke, Lyn Ski 23:00,001:45,0


Alle resultater

Hellesyltloepet-1_foto_Fredrik_Stadheim.jpg


Det er like før starten går for den 29. utgåva av Hellesyltløpet. (Foto: Fredrik Stadheim)

Powered by Labrador CMS