IMG_0618

Steikande heitt og flott atmosfære på Husnes Idrettspark

Rosendal er administrasjonssentrum i Kvinnherad kommune i Sunnhordaland, men største plassen er Husnes med Sør-Norge Aluminium,. Fantastisk flott anlegg, og med ein 915 m gruslagd joggeløype rundt stadion.

Publisert Sist oppdatert

Biletet: I.L. Trio sin "far" Tjerand Lunde, var heidersgjest under Sunnhordalandsmeisterskapen i friidrett. Han har vore ein av pådrivarane for denne meisterskapen. No for fyrste gong på den flunkande nye stadion. Og rundt stadionanlegget er det lagt ei flott 930 m lang grusløype. Med stabbesteinar! Stemneleiar Arne Torget er ein pasjonert rimsmed, og Kondis oppmodar han om å forfatta eit stabbesteindikt.


Les også reportasjen fra dag 2

Meisterskapen har berre seniorklasse. Det betyr at her konkurrerer alle frå 15 år og opp til godt vaksne veteranar i same klasse. Kondis er installert på den flotte campingplassen på Husnes med god mat og fin service.

Ikkje overveldande stor deltaking, men veldig flott atmosfære. Det offisielle opningsstemnet vert 13. og 14. september.

1500 m var lengste løpsøving dag 1. Her var yngstemann Erlend Nymark Jensen suverén med 4,26.1 i varmen. Han fortalte til Kondis at han trenar 70 - 80 km i veka, og satsar mest på lange løp som halvmaraton, der han har 1.17 tidlegare i år.

1500 meter menn
1. Erlend Nymark Jensen, Trio 4.26,1
2. Magnus Hartz, Trio 4.56,7
3. Kenneth Blom, Trio 5.23,3
4. Gunnar Vaage, Trio 5.26,8
5. Gunvald Gundersen, IF Klypetussen 6.31,2

1500 meter damer
1. Marita Thorsvik, Trio 5.03,9

Alle resultater


Biletkavalkade fra dag 1

Husnes_Idrettspark_IMG_5153[1].jpg


Eit flott anlegg i flott natur ved Opsangervatnet på Husnes

Tjerand_Lunde_IMG_0634[2].jpg

Tjerand Lunde har bore Sunnhordlandsmeisterskapen i mange år - tydeleg stolt av den nye, flotte bana.

IMG_0636.JPG


Fin atmosfære på første stemne på Husnes sentralidrettsanlegg

IMG_0627.JPG


Stemneleiar Arne Torget, blæs SM i gong. Han har lagt ned enormt med dugnadsarbeid for den nye stadionen!

IMG_0646.JPG


I.L. Trio og Kvinnherad har fått eit kjempeflott stadion-anlegg

IMG_0663 (2).JPG


Marita Thorsvik, som driv med militær femkamp, sprang frå fleire av mannfolka på 1500 m. Eit flott gjennomført løp!

Marita_Thorsvik_og_far_IMG_0667.jpg


Marita Thorsvik med ein fornøgd far etter ein god 1500 m

IMG_0652.JPG


On your marks, get set....

Husnes_Idrettspark_loepere.jpg


Glede over nytt idrettsanlegg! Gunnar Vaage kom rett frå 81 km og Rallarvegsløpet til 1500 m på den nye heimebana. Kenneth Blom, noregsmeister i triatlon for veteranar, trippar lett inne ved lista.

Powered by Labrador CMS