Håpa på 30 - meir enn 130 kom

IMG_5140-1[1]_300x300

Suksess for det første Sluseløpet

Tre års planlegging til fyrste start 11. 9. 2011. Det viste igjen på godt arrangert Sluseløp i regi av Skjoldastraumen bygdelag.

Publisert Sist oppdatert

Mange born og mange vaksne og ein del gåarar - i alt over 130 deltakarar i særs usikkert ver. Enorme regnbygar både før og etter løpet, men under løpet stort sett sol - og 17 varme gradar, men ein del vind. Arrangørane hadde førebudd seg godt, særs godt. Påmeldinga, avviklinga av løpet, kafé, premietrekking og premieutdeling fungerte perfekt i ein flott atmosfære.

Thomas Finshus vann sitt eige løp
Idemakar Thomas Finshus viste alle ryggen i den varierte og krevande løypa. Mest asfalt, men ein del grusveg og ca 300 m på beitemark. Spesielt er det at arrangørane hadde laga til ei sløyfe på kvar side av slusa, slik at publikum fekk sjå løparane i store delar av den knapt 4.5 km lange løypa. Thomas Finshus og Eivind Tore Langelandsvik i Skjoldastraumen bygdelag fekk ideen for om lag tre år sidan og har utvikla arrangementet saman.

Flott turområde
På veg til og frå Skjoldastraumen tenkte Kondis sin representant at "her må me koma att og springa frå E-134 og inn til Skjoldastraumen". Makan til vakker natur skal ein leita lenge etter!

Resultat:
Kvinner:
1. Janne Vatnaland 18.45
2. Pia Susann Finshus 20.12
3. Brit Janne Hebnes 20.44

Menn:
1. Thomas Finshus 15.57
2. Gerhard Steinsnes 16.05
3. Rune Jensen 17.15

Resultatliste.pdf

Ungar på pallen 2 Foto: Hjalmar Grundberg


Kjekt å prøva pallen. Tidleg krøkast som god krok skal bli. Foto: Hjalmar Grundberg

3 jenter på pallen


Frå venstre dei tre raskaste jentene: Pia Susann Finshus, Janne Vatlaland og Brit Janne Hebnes. Foto: Gisle Sellevold

Rune Jensen på 3. gratulerer vinnar Thomas Finshus


Frå venstre: ikkje nr 2 Gerhard Steinsnes, vinnar Thomas Finshus og nr 3 evigunge Rune Jensen. Foto: Gisle Sellevold


Løpsutviklar Thomas Finshus og Benjamin hadde startnummer 1 i h.h.v. vaksenløpet og barneløpet. Foto: Hjalmar Grundberg.

Barna er klare i det aller fyrste Sluseløpet.


Mange born var med - framtida i Skjoldastraumen ser lys ut. Foto: Gisle Sellevold

Skjold IL blomstrar


Det blomstrar i Skjoldastraumen om dagen. Foto: Gisle Sellevold


Mange tilskodarar heia løparane fram når dei passerte halvegs. Her Gerhard Steinsnes nr 2 i løpet.
Foto: Hjalmar Grundberg.

Årsabonnement på Kondis fekk god publisitet


Kondismedlemsskap trekt blant alle vaksne konkurranseløparane. Arrangøren promoterte Kondis på ein flott måte!
Foto: Gisle Sellevold

Benjamin får vel vita at han er startnr 1 i det fyrste Sluseløpet


Benjamin vert berømt... Startnummer 1 i det alle fyrste Sluseløpet. Foto: Hjalmar Grundberg

Cafe Super 1


"Utan funksjonærar stoppar Idretts-Noreg!" Foto: Gisle Sellevold

Janne Vatlaland suveren!


Janne Vatlaland suveren i fyrste Sluseløpet. Foto: Gisle Sellevold

Per Spelemann


"Per Spelemann". Denne karen i Skjoldastraumen seiast å vera opphavsmann til songen: Per Spelmann.

Slusespel


Ein del av sluseanlegget. Foto: Gisle Sellevold

Åh gosh a meg!


Åh, gosh! Foto: Gisle Sellevold

Powered by Labrador CMS