Thorbjørn Ludvigsen vann Knarvik Xtrem i suveren stil og knuste sin eigen løyperekord med over minuttet. Den nye rekorden i den 10,7 kilometer lange løypa lyder på 47,06. I dameklassen var Eli Anne Dvergsdal like utilnærmelig og sprang langløypa på sterke 55 minutt og 50 sekund. Men det var ikkje berre ute i løypa det vart sett rekordar. Årets Knarvik Xtrem samla totalt 423 deltakarar som er ny rekord og nær ei dobling frå i fjor. Nordhordland Skiklubb gler seg storleg over suksessen, og takkar alle utøvarar, sponsorar og funksjonærar for strålande innsats!

Takk til alle som var med og gjorde dette til ein folkefest! Resultat frå løpet finn ein i lenkja under:http://www.eqtiming.no/Result/?eventUID=6801

mms_img-1031932579_700x399.jpg