Rullestadvatnet rundt fekk æra av å husa Tom Steine sin 100. siger.

Tom_Steine_sin_100_ingress

TOM STEINE i 100!

142 deltakarar i det aller fyrste Rullestadvatnet rundt.

Publisert Sist oppdatert

Suksess for det fyrste Rullestadvatnet rundt
600 dugnadstimer hadde arrangørklubben Fjæra og Rullestad IL lagt ned i å bygga sti rundt det vakre Rullestadvatnet. Mange bruer, trapper og sti-tilrettelegging og merking. Med så mykje førearbeid var det stort at oppmøtet på den nye, superflotte (det er ikkje overdriving) campingplassen Halvfjordingen. Det var heile 142 som betalte og sprang eller gjekk rundt vatnet. 21 sprang på tid.

style="text-align: left">Tom Steine frå Holmestrand IL feira sin siger nummer 100
Det vart eit flott arrangement med 3 springande damer og 18 menn. 100 seire i norske løp er det ikkje mange som har. No er Tom Steine ein av dei. Det var ei ekstra ære for arrangøren at han oppnådde dette i det aller fyrste Rullestadvatnet rundt. Sølvi Markhus er eit ubeskrive blad for Kondis sin kontaktmann for Hardanger og Sunnhordland, men ho vann kvinneklassen på ein anstendig tid.


Sølvi Markhus og Tom Steine er dei fyrste rekordhaldarane rundt Rullestadvatnet.



Denne vakre, unge damen viser skiltet Øystein Rullestad laga på dugnad



Nokre av dei 142 deltakarane

Lovande Erik Rullestad frå arrangørklubben Fjæra og Rullestad IL


Resultat frå det fyrste Rullestadvatnet rundt:
Kvinner:
1. Sølvi Markhus 34.39
2. Ragnhild Løyning 41.15
3. Maren Markhus 41.49

Menn:
1. Tom Steine 22.59
2. Sondre Rullestad 23.10
3. Erik Rullestad 23.12
4. Ole Rullestad 25.09
5. Kurt Reidar Jegteberg 25.12
6. Sverre Fjæra 25.19
7. Torleif Fjæra 25.28
8. Skjalg Duesund 25.48
9. Øystein Eide Eskeland 28.07
10. Kurt Raymond Jegteberg 28.42
11. Jørgen Rullestad 30.41
12. Harald Måge ! 31.36
13. Tøres Rullestad 32.30
14. Kristian Markhjus Brekke 37.59
15. Lars Øyre 39.43
16. Gisle Sellevold 43.57
17. Andreas Løyning 49.05
18. Paul Bjarte Løyning 49.11

Powered by Labrador CMS