Ny, flott tilskiping av Stegaberg IL. Mange vakter på plasser der det var mogeleg å løpa feil. Andre plasser la me merke til kjeglar for å vera heilt sikker på at ingen skulle koma på av-veger.  
Barneløp med heile 97 deltakarar.

Vivian Kyte og Øvind Aksland er dei fyrste løyperekordhaldarane 
12.5 km rundt Aksdalsvatnet var det mange som hadde sett fram til. For store delar av løypa vart ferdig så seint som i 2015. Ein del asfalt i starten, men storparten på flott anlagt grusveg. Her var det mange benkar og bord til turgåarar. Løypa er tøff med mange opp- og nedoverbakkar. Men dei som har god tid, kan få sjå hus og hagar som ligg  i viker og på nes ein  ikkje visste om....

Vivian Kyte frå tilskiparane Stegaberg IL fekk 58.14 i den tunge løypa. Ho har då den fyrste løyperekorden for damer og er dermed historisk. Det same gjeld Øyvind Aksland, også han frå Stegaberg IL. 48.20 lyder rekorden på for menn. 

12.5 km:
Kvinner (17 fullførande):
1. Vivian Kyte, Stegaberg IL             58.14   Løyperekord!
2. Mona Tyssøy, Rossabø Runners          61.57
3. Camilla Tjelle                        62.02


Menn (48 fullførande) :
1. Øyvind Aksland,   Stegaberg IL       48.20   Løyperekord!
2. Torbjørn Førre                       49.05
3. Jon Fagerland                        50.28


5 km:
Kvinner (24 fullførande):
1. Camilla Robberstad, NAV Tysvær       23.20
2. Hedda Børø Opsøen, Stegaberg IL      24.32
3. Marie Aksland,                       24.50


Menn (16 fullførande): 
1. Johannes Havn, Stegaberg IL          20.17
2. Max Bloch, Haugesund TK              22.16
3. André Mjølhus                        22.39   



Les "Det er den draumen" av Olav H. Hauge under bileta. Dette fantastiske diktet kom Kondis sin sakteløpande/gåande reportar i hug under Tysværtrimmen. Den fyrste i sitt slag, men Tysværtrimmen har lang, lang tradisjon i andre traséar.


202 deltakarar flott, men..

Born:        97
5 km:        40
12.5 km:     65


Dette er brukbare tal, men Kondis sin utsende meiner det er potensiale for mykje større felt for dei vaksne. Det gjeld å bruka reklameressursane rett. For dette er ei tilskiping me kan anbefala.

Kjentfolk knytt til Tysvær kommune
For idrettsinteresserte så er fotballspelaren Alexander Toft Søderlund oppfostra i Stegaberg IL. Andre store namn frå kommunen er Cleng Persson og målaren Aleksander Hertervik

Og ein av landets beste langdistanseløparar i klassen 65 - 69 år Sverre Aksland, er ein av dei flinke primus motorane i Stegaberg IL gjennom mange år.



DSCN0639.JPG
Oppvarming i proff stil.                                                                             Foto: Sellevold/Kondis


DSCN0638.JPGMental oppladning i garderoben høyrer med før ein tøff 12.5 km.                          Foto: Sellevold/Kondis

DSCN0635.JPG
Full innsats - full idrettsglede                                                                          Foto: Sellevold/Kondis

DSCN0636.JPG
JA! - Eg klarte det!                                                                                           Foto: Sellevold/Kondis

LangsAA_Sverre_Aksland.jpg
Arkivbilete: Sverre Aksland i fint driv. 

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Det er den draumen


Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,

at det må skje -
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa -
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.

Olav H. Hauge