640_Nr1_Liv_Foto_ChrPrestegård.jpg
Inger Liv Bjerkreim Nilsen, Lillehammer O-klubb, overraska mange med å vinne La Sportiva Skåla 1848m rett Opp på 1.23.40 berre 14 dagar etter at ho vann verdas tøffaste triathlon Norseman. Kondis.no-red. Heming Leira som har følgt nøye med på alle løpa til Inger Liv det siste året seier at ho også imponerte som løpar i fjor med å vinne Nordmarka skogsmaraton på 2.55 og knuste løyperekorden i den tøffe maratonløypa med 8 min. Ho har dessutan sett nye solide løyperekordar i 4 ulike motbakkeløp i Maridalsalpene. Foto Christian Prestegård


Ahmet Arslan, Tyrkia vann La Sportiva Skåla 1848m rett opp i både 2011 og 2012 på nye løyperekordar. I år var han på veg til sin tredje strake siger, men etter å ha leia med omlag 50 sek. ved Skålavatnet 1100 moh gjekk han på ein skikkeleg sprekk og vart passert av Jonathan Wyatt og kom i mål som nr 2 på 1.11.49 over 4 min bak sin eigen løyperekord og over 2 min bak Wyatt som fekk tida 1.09.39 


Wyatt mot sin tredje siger i Skåla Opp. Foto Christian Prestegård 

                               May Britt Buer, Gular IL, Nr. 2 på 1.24.58. May Britt fekk seg, bokstaveleg tala, ein flott OPPTUR i Skåla Opp etter mykje skadeproblem i 2013. Det vart ny pers. med omlag 2 min. og ein flott 2. plass. Foto Christian Prestegård

                               Torbjørn Thorsen Ludvigsen, Bfg Bergen, vart nr 3 og sette ny pers. i Skåla Opp med 1.11.55. Foto Christian Prestegård 

                               Kirsten M. Melkevik, IL Gular, vart nr 3 på 1.26.54. Foto Christian Prestegård 

                               Anita Håkenstad Evertsen, Øystre Slidre IL, som har vore mykje skade dei siste åra vart nr 4 på tida 1.30.47. Dette er 10 min og 41 sek bak hennar eigen løyperekord frå 2008 på 1.20.06. Den rekorden kan bli ståande lenge. Anita som no er i klasse 45-49år vann denne klassa med ein margin på over 16 min til nr. 2. 

                               Eirik Dagssønn Haugsnes, IL Pioner , nr 4 på 1.13.03. Foto Christian Prestegård 

                               Tomas Bereket, Eritrea/ Sk Vidar, nr 5 på 1.13.27. Foto Christian Prestegaard 

                               Orlando Edwards, Storbritannia, vart nr 6 på 1.13.38. Orlando som i mange år har representert GBR i EM og VM i fjelløping deltok i fjor i Fanaråken Opp. Fjelløping i Noreg gav meirsmak. Orlando vann kl M35-39år med over 6 min. Foto Christian Prestegård 

                               Det vart ein praktfull dag på Skåla 1848moh også for NRK TV som laga eit flott 30 min program om Skåla 1848m rett opp. Programmet vart sendt i beste sendetid kl. 20.15 - 20.45 dagen etter løpet. Foto Christian Prestegård

                               Stemningsbilder frå mål ved Skålatårnet omlag 10-15min før dei fyrste i konkurranseklassane er venta i mål. Alle snakka om Ahmet Arslan som den store favoritten til å kome fyrst til mål, men han satsa for hardt i starten for å sette ny rekord for tredje året på rad. Ahmet leia med over eit minutt på det meste, men sprakk på slutten og vart nr 2 neste 4min bak sin eigen rekord...Foto Christian Prestegård 



                               Det var folksomt ved Skålatårnet då Wyatt og dei 720 andre konkurranseløparane kom stormande i mål 1843moh. Ikkje lett å få auge på Wyatt dei siste 50 metrane mot mål. Foto Christian Prestegård 

                               Det vart ei lang lang rekke med 1800 trimmarar og konkurranseløparar skal fordelast oppover ein fjellsti på 8km og ikkje minst når dei aller fleste på dette fototidspunktet var fordelt dei siste 2000 metrane av løpet......Foto Christian Prestegård 

                               Superveteranen Kristen Skjeldal, Bulken IL (46år), sprang og gjekk opp på imponerande 1.15.27, som er mindre enn 2 min. bak persen frå 2006. Skjeldal vart intervjua like etter målpassering med puls på over 160 og der fyrste han kommenterte var det praktfulle utsynet og vidsynet..Skjeldal vann si klasse M45-49 med over 10 min..Foto Christian Prestegård 

                               Odd-Bjørn Hjelmeset vann Skåla Opp i 2004 på 1.15.11. I år vart tida 1.22.07. Odd-Bjørn har lagt opp som skiløpar og har i sommar hatt eit så travelt program at det ikkje har vorte tid til trening. Snart kan vi sjå han som programleiar på TV2-programmet Uten Grenser. I Skåla Opp var han i år mest i eigenskap av sponsorsjef i Bama. Etter målpassering sprang han endå raskare ned igjen til starten ved Tjugen der han saman med kona si delte ut eit variert utval av frukt, smoothie og juice til alle deltakarane då dei kom ned. Sjå nedanfor. Foto Christian Prestegård 



                               Prakfullt utsyn mot Nordfjorden 1800 høgdemeter nedanfor. Nr258 er Sigbjørn Emblem, Hakallestranda Kondisjonslag som kom til topps på 1.42.24. Foto Christian Prestegård 

                               På Skåla Opp-kickoffen kvelden før løpet illustrerte Kristen Skjeldal at det kunne vere effektiv i bratte motbakkar å bruke hendene til å gje meir kraft til beina. Therese Sjursen, Bfg Bergen, som vart nr 5 på 1.31.37 har brukt denne teknikken i mange år. Foto Christian Prestegård 

                               Merete Helgheim, Deknepollen, vart nr 8 totalt på 1.37.17. Foto Christian Prestegård

                               Lars Erik Skjervheim, Voss IL, nr. 7 totalt på 1.14.53. Foto Christian Prestegård

                                 Kjell Erling Mundal, Fjærland, ser ut til å ha VM-forma inne . I fjor vann han kl. 45-49år på 1.27.05. I år vart tida 1.25.55. 31. august skal Mundal delta i VM i motbakkeløp for veteraner i Tsjekkia. Då handlar det om å kunne springe fort i ei rask løype på 8,6km med kun 650m stigning. Foto Christian Prestegård
                                 Multiconsult stilte med ikkje mindre enn 50 deltakarar i Skåla Opp. Den raskaste av dei var Svein Arne Haugen som kom i mål på 1.27.42. Foto Christian Prestegård
                                 Lars Sverdrup-Thygeson, Høvik Jogg, Nr 3 i kl. M55-59 på 1.36.28. Foto Christian Prestegård
                                 Magnor Rypdal , Isfjorden IL, er 54 år og vann kl. M50-54 på 1.22.37 . Det tok over 7 min til før nr 2 i klassen kom i mål. Veka før vann Magnor også si klasse i Fanaråken Opp på 1.07.00 med over 10min til nr 2. Foto Christian Prestegård.
                                 Kjell Olav Kusslid, Haukedalen, (451) og Tom-Erik Eikanger, IL Gular kom til topps på 1.40.46 og 1.40.58. Foto Christian Prestegård
                                 Birger Normann Hanstveit, Mjøsdalen (932), vann kl. M70-74 på 1.52.09. St. nr. 395 er JonnyAndersen som kom til topps på 1.52.47. Foto Christian Prestegård
                                 Vibeke Ludvigsen får gleda av å representere Varegg Team Melkesyre i denne bildereportasjen. Vibeke sette ny pers i Skåla Opp med 2.07.30. Løpsgleda og begeistringa som Vibeke viser er
                                 Luftig drikkestasjon med Maxim energidrikke og Olden vatn ved Flatbreen omlag 1700moh. Foto Christian Prestegård
                                 Begeistring på opptur. Nr. 19 er Ane Charlotte Christensen, Oslo og 117 er Monica Sognnes Rasmussen, Fjellgeitene. Dei kom i mål på 2.02.39 og 2.05.24. Foto Christian Prestegård
                                 Mennesket blir lite i slik storslagen natur med høgdeskilnader på 2000m mellom fjord og fjelltopp. Det er dette fjordlandskapet som heile verda assosierer med Noreg. Her har eg praktfullt utsyn 1700 høgdemeter rett ned i Nordfjorden og det er kun 150 høgdemeter opp til mål vel Skålatårnet. Det storslagne utsynet og vidsynet på ein slik flott dag er i seg sjølv den aller beste premien og ei viktig inspirasjonskjelde for å halde seg i god form året rundt ! Kvart år sidan 2002 har eg delteke i konkurranseklassa i omlag 25 løp rundt om, men i Skåla Opp deltek eg i trimklassa fordi det gjev meg den største totalopplevinga i dette løpet og gjer det mogeleg å lage denne bildereportasjen på Kondis.no. Det er stort å kunne vere på toppen saman med nesten 1100 trimmarar og lage "showet" når 730 konkurranseløparar frå heile verda kjem stormande i mål.

Etterpå går vi saman ned i eit nytt idretts-sosialt løp som for nesten 1.000 av oss enda i eit megastort grillparty på Hotel Alexandra. I Skåla Opp er vi berre halvvegs når vi er i mål..Nedturen i år vart ein eineståande sosial opptur i praktfullt turvær...Trur eg må ha snakka med meir enn 100 deltakarar på dei vel to timane det tok å gå ned. Det gjekk raskare opp sjølv om eg deltok i trimklassa. Måtte jo teste forma før Aosen Opp i Årdal 24. august. og VM i motbakkeløp for veteraner i Tsjekkia 31. aug. Deretter blir det nok omlag 25 løp i mange land før det blir "Same procedure as last year" i Skåla 1848m rett opp 16. august 2014.