Anna bur i Borgund i Lærdal kommune i Vestland fylke, og er omringa av fjell som Bringe og Horgehorna på mellom 1500 og 1600 høgdemeter.

– Eg likar slike utfordringar som Kondisløpet sin høgdemetersanking. Det meste eg har hatt av høgdemeter på ein månad er 33.000, seier ho.

– Når eg ikkje spring i fjellet, brukar eg Kongevegen, fortel ho.

Til vanleg spring Anna omtrent 70-100 kilometer i veka. Ho har deltek i alt frå baneløp til maraton. No i det siste har det vorte mest fjell- og motbakkeløp. 

– På treningsturane mine vert det både langturar, motbakkeintervallar og toppturar, men den her månaden har det nok vorte fleire fjellturar og meir fokus på å sanke høgdemeter, seier Anna som er ute kvar dag , og har som mål å sanke flest mogleg høgdemeter i løpet av månaden. 

– No er det snart slutt på konkurransane for denne gong. Då blir det å trene mot neste sesong, seier ho. 

Fyrste konkurransen Anna deltok i var Vindhellaløpet i 1975, som vart arrangert til 1995. I år vart det starta opp att. Dette løpet  går rett ved der ho bur, på ein del av Kongevegen over Filefjell.

LES OGSÅ: Dette er alle premiene i Kondisløpets høydemetersanking