Arrangør Sjårdalen IL hadde sett opp kr. 5.000 i løyperekordpremie både i sykkel og løpskonkurransen i den 15km lange løypa med 1253m stigning frå Vågåmo sentrum til Blåhø 1618moh. Kraftig motvind med surt og iskaldt regnvær gjorde at løyperekordane fekk overleve 2011.
Ein som ikkje let seg affisere av været var Bård Olav Moen, Strindheim IL i klasse M55-59 som med tida 1.23.54 nv ar raskaste av alle over 35 år på løpsdistansen 15km ! Bård Olav er far til eit av Norges største løpstalent på langdistanse Sondre Norstad Moen.
Dei raskaste på dei ulike distansane i år vart ( Løyperekordar i parantes ):
1. 15km løp herrar: Inge Kristoffersen, Vind 1.16.45 ( Rekord :Jon Tvedt, Gular 1.13.34 ). 1. 15km løp damer: Merete Weng, IL Bul, 1.26,25 ( Rekord :Anita Håkenstad Evertsen , Øystre Slidre IL 1.16.04 ). 1. 15km sykkel herrar: Arne Gunnar Ensrud, Lillehammer CK, 1.05,40 (Rekord: Olav Trønnes, Ottadalen CK 1.03,44) 1. 15km sykkel damer: Mari Trønnes , Ottadalen CK , 1.17,14 som også har løyperekorden på 1.14.10.
9km løp: ( dei siste 9 km ( 600m stigning) av 15km-løypa). Nr. 1 damekl. Emma Storvall , 57,40. Nr. 1. herrekl. Bjørn Ivar Austrem, Madshus 53,08.
RESULTATLISTE
Les kondis.nos reportasjer fra tidligere år:
Blåhø Opp 2010
Blåhø Opp 2009
Blåhø Opp 2008
Foto i bildereportasjen nedanfor er ved Anne Jenny Dvergsdal, Olav D. Prestegård og Christian Prestegård

Mari Trønnes, Ottadalen Sykkelklubb. Raskaste dame på sykkel 15km. Mari sykla vel 3 min saktare enn sin eigen løyperekord og dei 3 minuttane effekten av den sure og kalde motvinden.

Bjørn Ivar Austrem, Madshus var raskast av alle på 9km løp med tida 53,08. Therese Sjursen, BFG Fana, vart nr 2 av damene på 15km løp med 1.29,23

Det var i år rekordstor deltaking i konkurranseklassa for damer med 17 på 9km og raskast av alle var Emma Storvall med tida 57,40

Blåhø Opp er eit multisportarrangement med både sykkel og løp i den same 15km traséen frå Vågåmo Sentrum 365 moh med 1253m stigning opp til Blåhø på 1618moh. Dessutan er det 9km løp med både trim og konkurranseklassar dei siste 9 km av løypa med omlag 600m stigning. I år vart løpet arrangert for 4. gong og for fyrste gong fekk ikkje deltakarane oppleve det praktfulle utsynet og vidynet frå toppen mot Jotunheimen, Rondane, Dovrefjell, Reinheimen.. For meir info sjå www.blaho.no

Værforholda var værst for dei som løp 9km med fellesstart ved omlag 1000 moh kl. 11.00. Eg var ein av dei. Bildet av meg ovanfor fortel lite om korleis eg hadde det gjennom løpet. Ved passering 2 km, med 7 km igjen til mål, var eg så nedkjøla av den sure og kalde ( 5 grader ) motvinden med regn mitt i fleisen at eg måtte stoppe ved Røde Kors stasjonen for å få tilbake varmen.
Mi tynne T-skjorte var klissblaut. Hadde ikkje mr. Holen lånt meg si vindtette jakke, så hadde eg aldri kome til mål. Han fekk også stor takk in absentia på Premieutdelinga! Eg brukte omlag 15-20 min på få tilbake varmen med lett jogg og gang frå 2 til 5 km. Med ein snau km i gjen til mål fekk eg levert jakka til "støtteapparatet" og kunne springe for full musikk opp til topps på tida 58,29, over 7 min. saktare enn tida mi frå ifjor....., men eg kom til mål også denne gongen!
Ei anna nyttig erfaring frå Blåhø Opp er at det er mildt sagt dårleg oppladning å køyre over 800 km i bil dagen og kvelden før eit løp.

Line Lystad, Vågå Kommune, sprang i år nesten 6 min saktare enn i fjor og vart nr. 4 totalt i damekl. på 15km med 1.31.30

Jan Håvard Bleka, Oslo, spurtar til topps på tida 1.38.00 og vart med det nr 2 i kl. 35-39år på 15km.

Og etter premieutdelinga var det ein triveleg samankomst for deltakarar og funksjonærar på Gammel-Kleppe Gardshotell. Det vart m.a. feiring av dagens OPPTUR til Blåhå med sprudlevatn for store og små....

Løpsleiar Magnar Bakke fekk blomar og flott ord som takk for flott innsats av Dag Lindvig. Dag som saman med kona Ingunn er vertskap ved Gammel-Kleppe Gardshotell er tidlegare leiar i arrangørklubben Sjårdalen IL. Heile ansiktet til Magnar Bakke ser du bedre 4 foto ovanfor der han får servert sprudlevatn...