Arrangøren har sendt Kondis følgende oppsummering fra helgens løp.

Suverene i E-CO Rimstigen Opp

Anita I. Lilleskare, Bergen Løpeklubb og Øyvind H. Sundby IK Tjalve vann laurdag E-CO Rimstigen Opp med god margin. 25 min. og 47 sek. brukte Heiberg på dei om lag 2,7 kilometrane frå Bakka til Rimstigen 725 moh, om lag eit minutt bak løyperekorden som T. Ludvigsen sette i fjor. Lilleskare kom i mål på 31.28, kring to minuttar bak rekorden til May B. Buer. Begge var likevel strålande nøgde med løpa og sette personlege rekordar i den bratte løypa. Som nummer to i herreklassen kom Jakub Hejl frå Praha og nummer tre til topps var Erling Hisdal, IK Tjalve. I kvinneklassen tok Therese Sjursen, Bergen Løpeklubb andreplass og den nybakte NM-vinnaren i kappgang, Merete Helgheim blei nummer tre.

Sette løyperekordar

Nivået i konkurranseklassen var generelt godt, og det blei sett fleire løyperekordar. Kjell E. Mundal fekk ny rekord i 50-54 år med 30.56, Magnar Solheim i 55-59 år med 33.18 og Lars Håheim i 75-79 år med 53.42. Også i kvinneklassen blei det sett to nye bestetider. Anna M. Tråve i 60-64 år med 38.27 og Johanne-Marie Erstad med 1.19.21 i 70-74 år. I tillegg kunne fleire av løparane melda om nye bestetider, så forholda var gode trass ein del nedbør dagane før løpet.

Resultat menn.

Resultat kvinner.

Hjemmesiden.

Se facebook siden til løpet for mer info og bilder.

foto_Anders_Jerving.jpg
Foto: Anders Jerving. Startfeltet ut frå Bakka.