Aldri tidlegare har så mange nordmenn delteke i eit VM i Mountain Running for veteraner. Det sette ikkje minst Anna Magrethe Tråve ( ingressbildet) stor pris på. I fjor var ho einaste norske deltakarar då VM var i ei opp-og-ned løype i Italia med same start og mål. Då vart ho nr 2 i si klasse som er 55-59 år. I år vart ho nr. 3 i den 9,5km lange motbakkeløypa i Bühlertal som har 776 m stigning, dvs. 8% stigning. Etter målpassering sa Anna at no må det trenast meir på å springe på 7-12% stigning på veg og fine turvegar som er det dei internasjonale motbakkeløypene stort sett handlar om.
I Bühlertal fekk Anna og dei norske deltakarane (sjå lagbilde nederst i reportasjen) erfare at nivået i dei ulike aldersklassane er enormt høgt og at det stadig kjem nye toppløparar frå terrengløp, gateløp, maratonløp inn i alle dei tre greinene som i dag utgjer meistarskapsgreinene innan Mountain Running: (1) Motbakkeløp /"Mountain Running Up" (2) Opp og Ned løp / Mountain Running Up and Down og (3) Langdistansefjelløp/ Mountain Running Long Distance.

Anna Magrethe Tråve. Lærdal IL, spurtar i mål til bronsemedalje i kl. 55-59 år. Anna har tidlegare omlag 20 medaljar i alle valører frå EM og VM for veteraner når det gjeld baneløp og terrengløp. No er ho heilfrelst motbakkeløpar som allereie 1. juli skal delta i EM i motbakkeløp for veteraner i Bludenz i Austerrike. Foto Åge Årdal.

Anbjørn Mellingen, Gular/ Bergen Politi IL, (M 55-59) stilte opp i sitt fyrste internasjonale meistarskap i motbakkeløp etter å ha teke heile 5 NM-Gull i motbakkeløp i si klasse sidan NM i motbakkeløp i Fanaråken Opp i 2007. Anbjørn vart nr. 12 av 111 deltakarar i kl. M55-59. Det seier mykje om det høge nivået in årets VM. Anbjørn var 4 min bak vinnaren Leonid Tikonov frå Russland. Eg kan også legge til at Anbjørn har vunne si klasse i Skåla 1848m rett opp dei siste åra på omlag 1.32. Foto Åge Årdal.

Svein Arne Sølvberg, Oppegård IL (M 60-64), deltok i sitt første VM for veteranar og blei nr. 15 av 83 i si klasse. Det må leggast til at Svein Arne er eldste årgang i si klasse og at han neste år vil vere yngst i si klasse 65-69. Er han i like god form då, så er han på pallen....Tidlegare har Svein Arne vunne fleire medaljer i NM og nordisk mesterskap for veteraner på baneløp, terrengløp og gateløp/halvmaraton enn han har tal på sjølv, men det er over 30. I 2010 vann han også NM-gull i motbakkeløp i si klasse då NM gjekk på Voss i ei løype som var ganske lik løypa i Bühlertal. Foto Åge Årdal

"Den store forvandlingen" Bjarne Ludvigsen, Varegg Team Melkesyre (M40-44) spurtar inn til 70. plass av 120 i si klasse. Det er eit meir imponerande resultat enn dei fleste er klar over. Den gleden og begeistringa som Bjarne viste etter målpassering hadde vore gullmedalje om øvelsen var løpsglede ! Sjå også bildet i presseoppslaget frå Tysk presse. Bjarne er 175cm høg og for 5 år sidan var Bjarne ca. 100kg tung i sitt første "testløp" opp Stoltzen i Bergen. Då brukte han 23 min. I dag er han 25kg lettare og spring opp Stoltzen på 11 min , med mål om å sjå 10-talet i 2012. Når "heile Noreg" no får sjå kor gøy Bjarne og dei andre 6 norske deltakarane hadde det i VM så håpar og trur eg at dette vil inspirere mange andre til å bli med til neste år......Foto Åge Årdal

Trond Sundby, Balestrand IL, M60-64, ville gjere som sonen Øyvind Heiberg Sundby (Noregsmeistar i motbakkeløp) : å delta i VM i motbakkeløp. Trond har dei siste åra vist seg å vere ein sterk "bakkeklatrar". Jo brattare jo bedre. I Storehaugen Opp i Lærdal 12. mai klatra Trond forbi meg og kom 1 min raskare til mål. I "springeløypa" i Bühlertal var eg 7 min raskare enn Trond (St. nr 2749) . Foto Bjarne Ludvigsen

Marianne Hoff, Balestrand IL ( kl. 65-69) ville bli med ektemannen Trond Sundby til VM, men ikkje som tilskodar. Ho ville delta sjølv og stilte sporty opp ! No kan ho sette ein 14. plass i VM i motbakkeløp for veteraner på CV-en. Marianne bidrog dessutan til at Team Norway fekk eit ekstra høgt idrotts-kulturelt nivå. Foto Bjarne Ludvigsen

Foto Åge Årdal. Sjølv hadde eg planlagt å vere "hare" for Anna Magrethe Tråve. Me er begge 1955-årgang og i VM er det puljestartar kvart 20 min. med menn og kvinner i same aldersklasse i ei pulje. Planen funka fram til omlag 4km då magen slo seg vrang etter ein drikkestasjon der vi fekk servert piss-lunke vatn som var tappa frå spring (med svært høgt kalk-innhald). I mål var Anna vel halvminuttet før meg i mål på 3 plass av 25 i sin klasse, medan eg klarte å bli blant den beste tredjedelen i mi klasse som nr. 36 av 111. Den plasseringa skal ein ikkje klage over i eit VM når ein har hatt det så gøy som dei tyske avisene fortel at Team Norway har hatt det. Sjå "faksimile" av eit av oppslaga nedanfor...

Kondis.no avsluttar reportasjen med lagbildet av dei norske deltakarane i år. Frå venstre Bjarne Ludvigsen, Marianne Hoff, Anbjørn Mellingen, Anna M. Tråve, Christian Prestegård, Trond Sundby og Svein Arne Sølvberg.
Eg oppfordar mange fleire til å bli med for å markere norsk motbakkeløping i dei internasjonale veteranmeistarskapa i fjelløping . Alle som vil kan bli med. Det er ingen kvalifiseringskrav. Allereie 1. juli i år kan du delta i EM i motbakkeløp for veteranar i Bludenz i Austerrike. Påmeldingsfristen er 16. juni. Løypa er 8,2km med omlag 820m stigning ( 10% i snitt). Pt. er det berre Anna M. Tråve som er påmeldt frå Noreg. Sjå www.berglaufteam.com
Neste års VM i motbakkeløp for veteraner som går i Tsjekkia 31. august 2013. Løypa er 8,6km med 650m stigning (7,5% i snitt). For meir info kontakt christian@prestegaard.no