Laban Siro frå Kenya er påmeld
Onsdag 20. juni er det løpsfest på Stord. 10 km og halvmaraton. Vinnar av Midnattsloppet i Gøteborg dei to siste åra LABAN SIRO er alt påmeldt. I Midnattsloppet i fjor var det over 10500 fullførande, så det er ingen smågut som kjem.



Her intervjuast Laban Siro etter fjorårets suverene løyperekord i Langs Åkrafjorden i kamp med to landsmenn.

Kupert løype, men enkel og rett fram
Løypene er kontrollmålte av kondis-kontrollør og dermed også NFIF-godkjend. Nytt i år er at arrangøren Stord IL har fått ordna med garderobe før og etter løpet. Løpet startar på Heiane handelssenter og går over tre bruer i alt. Rett før Bømlafjordtunnelen etter ca 3 km, svingar me til høgre ut mot Bømlo kommune. Der snur løypa og går nøyaktig same veg attende. På returen får ein ein ca 700 m motbakke. Dette gjer at dei fleste vil nok ikkje persa, men kondisrepresentanten for Hardanger og Sunnhordland, sprang sitt desidert raskaste av fire halvmaraton i fjor i denne løypa (utan at det seier så mykje..).

Denne halvmaratonen passar særs godt i oppladinga til Ironman 70.3 i Haugesund den 8. juli. Spennande om det vert deltakar-rekord også i 2012.