Løp 2 i motbakkecupen

May-Britt_Buer_101_IMG_0629

Buer og Sombol vann Storehesten Opp

May Britt Buer og John Sombol tok klare sigrar i Storehesten Opp 26. juni. Ingen var i nærleiken av krava for å utløyse bonusen på 50.000 kr.

Publisert Sist oppdatert

John Sombol var knappe to minutt bak vinnartida si frå i fjor, og sleipt underlag og skodde på toppen var nok noko av forklaringa på det. Fram til bonus-grensa på 1 time var det over 6 minutt. Han hadde uansett mest fire minutts forsprang til Øyvind Heiberg Sundby på andreplass. Vidare ned til Joel Dyrhovden på tredjeplass var til gjengjeld avstanden minimal med berre 1 sekund. Årets norske motbakkekomet, 19 år gamle Asbjørn Barland, måtte denne gongen nøye seg med fjerdeplass, dryge fire minutt unna pallplassering.

I kvinneklassen var det store avstandar mellom dei fem beste. Merete Helgheim, som vann i fjor, vart nummer to ca. 2 minutt bak May Britt Buer. Therese Sjursen tok tredjeplassen ytterlegare eit femminutt bak. Anna Tråve i 55-59-årsklassen imponerte stort med å ha berre seks ungdommar framføre seg. Avstanden opp til pallen var heller ikkje stor.

Storehesten Opp hadde også i år auke i talet på konkurranseløparar. Mosjonistklassen er vorten svært stor, og alt i alt deltok heile 1247 konkurrerande og mosjonerande deltakarar.

Sia berre løparar som spring for norske klubbar tel i Norges-cupen i motbakkeløp, leiar no Øyvind Heiberg Sundby føre Joel Dyrhovden. Heiberg Sundby og Dyrhovden vart nummer to og tre - etter John Sombol - òg i Hovlandsnuten Opp som var det første løpet i cupen. May Britt Buer vart der nummer tre, men ingen av dei som slo ho den gongen var med no. Dermed leiar Gular-jenta i samandraget, føre Merete Helgheim og Therese Sjursen.

Kvinner
1 May Britt Buer, Gular 01:21:39
2 Merete Helgheim, Gloppen 01:24:24
3 Therese Sjursen, BFG Fana01:29:53
4 Elisabeth Hildenes, Eid IL01:33:35
5 Audhild Hestad, Gaular IL01:35:20
6 Malene Haukøy, Kyrkjebø 01:35:47
7 Anna Margrete Tråve, SK Vidar01:35:52
8 Marit Tveite Bystøl, IL Eldar01:37:44
Menn
1 John Sombol, Barakarunner 01:06:02
2 Øyvind Heiberg Sundby, IK Tjalve 01:10:14
3 Joel Dyrhovden, Samnanger 01:10:15
4 Asbjørn Berland, Samnanger 01:14:31
5 Sindre Hoff, Viksdal 01:14:56
6 Thomas Henriksen, Fossum IF01:15:25
7 André Haugsbø, Gaular IL 01:15:54
8 Kjetil Dyrvik, Voss Friidrettslag 01:19:54
9 Gjøran Tefre, Førde IL 01:19:57
10 Ole-Petter Soltvedt, Kalandseid IL 01:20:25

DEI BESTE UAVHENGIG AV KLASSE

Alle resultat

Heimesida til Storehesten Opp med bilete frå løpet Suveren seier til John Sombol på 1.06.02

Starten:Etter at pulsklokkene er startet kan 124 konkurranseløpere ta fatt på 11 km med over 1200 høydemetre på vei opp til toppen av Storehesten.

De beste herrene: John Sombol, Øyvind Heiberg Sundby, Joel Dyrholvden og Asbjørn Berland

De beste damene: May Britt Buer, Merete Helgheim og Therese Sjursen

Idyll:Noen på vei opp og noen på vei ned igjen i tåke og gjørme, men det ble likevel en flott dag på fjellet.


Nesten i mål:Mange kranset løypa i innspurten.

Folksomt på toppen:Selv om det ble en del færre deltakere enn i fjor, så er 1250 påmeldte et tall arrangøren er godt fornøyd med. Som i fjor var det drøye 100 i konkurranseklassen mens det i den nye mosjonsklassen med tidtaking var 38 løpere.

Powered by Labrador CMS