Andre løp for Urige Buta etter OL
Urige Buta er attende etter skaden han fekk i maratonløpet  OL i London. Ein muskelbrist er lekt og Urige er i god trening igjen. Dette stadfestar trenar Erling Askeland til Kondis. Laurdag vann Mr Buta den tradisjonelle Tysværtrimmen i kontrollmålt 5 km løype. Han vann på 15.11 føre så gode løparar som Morten Velde og Thomas Finshus. Då tek Djupadalten eit stort skritt opp på nivå-skalaen.

Gullsko  for femte gang 
Urige ble i 2011 kåret til beste langdistanseløparen i Norge for femte året på rad. Laurdag får han den gylne gullskoen til Asics overrakt i samband med Djupadalten. 

Barneløp, kortløype og den originale 9.3 km-løypa i vakre Djupadalen i Haugesund. Rekorden på meir enn 3000 deltakarar frå 80-talet vert nok ikkje slått, men..

Joggebølgen på veg mot ny bølgetopp?
Etter nokre magre år, ser det ut for at interessa for mosjonsløp er på veg oppover igjen. Etter det storslåtte Ironman-arrangementet i Haugesund i juli, så er det lov til å tru at veksten i Djupadalten frå i fjor, held fram i år.

Elin Steinsbø Fylkesnes og Ragnar Stølsmark vann i fjor
Det er sjølvsagt meir enn to vinnarar når ein har inkludert kortløype på 6.8 km og barneløp i den opphavelege løypa i vakre Djupadalen på 9.3 km. Ja, set ein seg personlege mål og oppnår dei, er ein vinnar så det held. Ein av dei ungdomane me omtala i vår reportasje frå Djupadalten  i fjor, var då eit stykke oppe på 33-talet. i år er målet 32.20. Og då vil det vera eit spenningsmoment for løparen, trenar og klubbmiljøet elles,  og andre som veit om målsettinga. 

Slik vil det vera mange "kamp i kampen": ein som utfordrar sjefen på jobb (mot lønnspålegg ved seier...), eller ein som utfordra eit familiemedlem mot å sleppa oppvasken fram til jul..

Elin Steinsbø Fylkesnes, Bremnes IL, var best av jentene i fjor på 37.48 . Ragnar Stølsmark, GTI-Stavanger  var best av gutane på den gode tida 30.04. Men kjem arrangøren sin Urige Buta, så skal det godt gjerast omm ikkje han vinn.

Vel 850 fullførte i 2011
565 sprang langløypa 185 kortløypa og vel hundre ungar i barneløpet. Då skulle det ikkje sjokkera om det i år passerer tusen fullførande deltakarar. 

TIPS KONDIS
Gisle Sellevold frå Kondis vil vera til stades på tilskipinga. Er det nokon som presterer utover det vanlege (spring med handicap til dømes), så kan ein ta kontakt på telefon 4860 2195.

Fjorårets kondis.no-reportasje her:.

Opplysninger om Djupadalten


Tett og godt startfelt i Djupadalten. Asfalt og terreng, krevande, men kjekk løype.


Haugesund IL ein gamal og ærverdig klubb. Eugen, Terje - og Hanne Haugland som døme. I dag er det Urige Buta med 2.09.27 på maraton, som er beste tid av ein løpar busett i Norden (men sett før han vart norsk statsborgar).