751 løparar i alt fordelt på lang løype 9.3 km og kort løype på 6.8 km.I tillegg var det ei stor klasse for born.

Ingressbiletet av Ragnar Stølsmark er frå Langs Åkrafjorden.

Deltakartal:
 
Lang løype:
Kvinner:           141
Menn:              424

Kort løype:
Kvinner:            78
Menn:              107

+ 1 utan klasse      1
Sum:.............. 751

I tillegg kjem ein del som datasystemet ikkje fekk med seg. I barneløpet var det drøyt hundre deltakarar.


GTI-løpar raskast av samtlege
Ragnar Stølsmark, GTI var det største løperesset i den 33. utgåva av Djupadalten. Han vart nr fire i NM på maraton (på same tid som bronsevinnaren). 30.04 på 9.3 veldig tøffe km lar seg absolutt høyra. Stølsmark som er frå Vikedal i Vindafjord kommune spring for toppklubben GTI-Stavanger. Han er relativt fersk som toppløpar, men er alt kome på eit høgt norsk nivå. Han var 1 minutt og 17 sekund føre Magnus Sirnes Hjellum. Klubbkamerat til vinnaren, Tom Erik Halvorsen fekk ein flott 3. plass med 31.37.

GTI hadde for øvrig heile fem løparar i mål blant de tjue beste i herreklassen. Ragnar Stølsmark (26) forbetra bestetida si frå i fjor med 21 sekund som heldt til klår siger. 

10 raskaste lang løype menn - 9,3 km - 424 delt:

1. Ragnar Stølsmark, GTI                 30.04
2. Magnus Sirnes Hjellum, Haugesund IL   31.21
3. Tom Erik Halvorsen, GTI               31.37
4. Stian Vestbø, Haugesund IL            31.59
5. Odd Olav Helgevold, Skjalg IL         32.04
6. Thomas Finshus, Stegaberg             32.07
7. Tore Olav Kristiansen, GTI            32.19
8. Paul Raistrick,  Skottland            32.22
9. Karl Johan Rasmussen, Haugesund IL    32.53
10. Erik Rullestad, Haugesund IL         33.19

Haugesunds lovende mellomdistanseløper, Magnus Sirnes Hjellum, med sølv i såvel kort som lang løype under årets NM terrengløp i 17 års klassen (UM),  ble nr 2. Ein annan lokal 17-åring kom på 10. plass. Erik Rullestad kjem frå Rullestad i Åkrafjorden. Han har nett "konvertert" frå satsing på ski/fotball til løping. Under trenar Jon Udal si dyktige rettleiing er han alt kome opp på eit høgt nivå. Skal bli spennande å fylgje med slike lovande ungdomar.

Knallkjekt gjensyn med "gamal" helt!
På 9. plass finn me Karl Johan Rasmussen med mange NM-gull m.a. på 5000 m, 10000 m og maraton. Det er flott at "gamle" stjerner stiller opp sjølv om dei ikkje satsar like mykje som då dei var toppløparar. Det er kjekt for arrangøren, det sakkunnige publikum og for løparane. Karl Johan er berre 38 år og som langdistanseløpar er det framleis ein god alder.

Elin Steinsbø Fylkesnes, Bremnes IL best av jentene
For mange er Elin best kjen som syklist på norsk toppnivå. I fjor fekk ho sølv i NM tempo. Men løpa godt kan ho og.
Raskast av alle dei 141 jentene som fullførte lang løype. Ikkje langt bak - berre 20 sekund - USA studerande Cecilie Udstuen. Janne Vatnaland var 1 minutt og 9 sekund bak der igjen, men eit absolutt respektabelt løp.

På 8. plass kjenner me igjen syster til Knut Erik Rame, Elin Rame. Ho kan vera vel nøgd med eit godt resultat på 43.21.

10 raskaste kvinner lang løype (141 delt.):

Plass Navn Klubb Tid
1 Fylkesnes, Elin Steinsbø Bremnes IL 37:48   +00:00
2 Udstuen, Cecilie              Haugesund IL 38:08   +00:20
3 Vatnaland, Janne Bokn IL 39:17   +01:29
4 Steinstø, Hanne Torvastad IL 39:31   +01:43
5 Fjeldheim,Marianne Tysværvåg 41:58   +04:10
6 Førre, Anna Sofie Haugesund IL 42:47   +04:59
7 Skiftestad, Astrid Haugesund IL 42:59   +05:11
8 Rame, Elin   43:21   +05:33
9 Velde, Kari Helen Drabløs   43:22   +05:34
10 Sønstabø, Kirsti   43:28   +05:40

3 raskaste kort løype (6.8 km):

Kvinner (78 delt.):
1. Elisabeth Angel Bergh,  Haugesund IL        27.49
2. Maryna Novik, Vindafjord IL                 28.11 
3. Marte Jensen, Haugesund IL                  29.49

Menn (107 delt.): 
1. Håkon Kolstø,  Haugesund IL                 26.20
2. Erik Vatnen, Haugesund IL                   26.53
3. Leonard Johan Nesheim, Haugesund IL         26.54 
                       

Alle resultat frå Djupadalten


Tommelen opp for Ragnar GTI Stølsmark.                                                                                          Foto: Gisle Sellevold


Frå venstre: 164: Kjetil Larsen, 551: Rune Jensen, 812: Elisabeth Angell Bergh, 382: Magnus Sirnes Hjellum, 185: lars Lunde (14 år!), 421: Karl Johan Rasmussen, 88: Tom Erik Halvorsen, 151: Tore Olav Kristiansen, 376: Erik Rullestad, 567: Svein Erland og bak han vinnaren Ragnar Stølsmark.


På biletet: nr 62: Thomas Finshus, Stegaberg IL, nr 421: Karl Johan Rasmussen, nr 336: Stian Vestbø, nr 473: Magnus Førre. Bak: skimtar me Erik Rullestad.