Strandebarm_T_G_Pedersen

Flott mosjonskveld i Strandebarm

Publisert Sist oppdatert

Toppbildet: Tobias Græsdal Pedersen sprang eit godt løp på vinterkarusellen. Her er han fotografert litt etter målgang. Som ein av fleire frå Norheimsund har har delteke på alle vinterkaruselløpa denne sesongen.

Tekst og bilde: Johannes Skogseide Børsheim, Strandebarm IL

25. november gjekk det tredje av sesongens vinterkaruselløp av stabelen. Det var opplettsver og fint føre. Omlag seksti deltakarar stilte til start, og det vart ein fin kveld for god mosjon. Deltakarane kom frå Kvam, Kvinnherad, Fusa og Bergen. Det er m.a. med ei fin gruppe frå Hålandsdal IL. Også frå Norheimsund har talet på deltakarar auka denne hausten.

Fyrste mann over målstreken debuterte på vinterkarusellen; Jann Ove Tjønneland sprang dei fire kilometerane på den sterke tida 13, 55. Han er ein sterk motbakkeløpar frå Viksdalen i Sogn som no arbeider ved Fjellstrand AS. Blant kvinnene var det Torild Kveberg som var raskast, som så ofte før.

Kvelden vart som vanleg avslutta med trekking av gåvepremiar. Anne Lise Breievne vann den gjevaste premien, som var eit gåvekort på kr. 500,- til bruk på Mo Sport i Norheimsund. Neste løp vert tysdag 16. desember. Då vert det julastemning med pepperkaker, gløgg og nisse, i tillegg til alltid kjekk- og god stemning og god trim. Vel møtt !

Resultater Strandebarm vinterkarusell, 3. løp

Jann OlavTjønneland13,55
Vebjørn KvebergOpsanger14,25
John OlavMåge15,01
BjarteRød15,12
OveMåge15,56
TerjeBrurok16,53
TorildKveberg17,04
Tobias GræsdalPedersen17,09
Knut OlavBerg17,22
EinarOpsanger17,27
ElinRød17,28
Kjell EgilBerge17,32
OddvarHjertaker17,45
IreneTangerås18,18
SivertHåland18,34
AndersRød18,38
Magnus GBerg18,39
ThomasAarseth18,52
ArvidTangerås18,52
FrodeEspeland18,55
EirikRød18,58
AndreasAarseth19
GunnarNordhus19,44
RitaGjerde19,46
Thor ArvidPedersen19,52
MartinAarseth19,57
Liv BeritEide20,4
AsbjørnLjones20,57
HåkonBerge21,11
HerlaugKvamsøy21,58
AnetteKristiansen21,59
IngvardNordtveit22,03
Anne ChristinBørsheim22,25
KristofferFosse22,4
ArthurLillefosse22,48
Vivi IreneFosse22,49
MagneFosse22,55
LarsMåge22,58
ElisabethFosse23,28
Sondre SvåsandMåge23,31
VigdisHåland24,51
BodilStranden24,54
Lisa SvåsandMundheim25,27
ElisabethSvåsand25,48
MetteLammedal25,48
Ann-MarieEngevik25,54
Anne LiseBreievne27,31
TuridLid27,35
MonaMåge27,52
BenteRosseland28,2
GunnarMundheim29,06
RagnhildBrattli29,08
Åse SandnesFosse29,44
Bente SandnesLillefosse29,44
TorunnBaldersheim29,51
NikolaDiuzak30,51
KariLjones34,15
Amalie SvåsandMåge37,16
Silje KristinSvåsand37,16
SivHåbrekke37,54
Tor HenrikFosse38,01
Kitti MarieFosse38,01
SolveigMåge41,55
Powered by Labrador CMS