Mot 1000 deltakarar ?

200_Geiranger_ Foto_ K_Maraak

Geiranger Frå Fjord Til Fjell

Fantastiske forhold i Geiranger! lyder Pressemeldinga som Kondis.no har fått frå arrangøren av Geiranger Frå Fjord Til Fjell 12. juni.

Publisert Sist oppdatert

No som Geirangervegen er open, er treningsforholda framforGeiranger frå fjord til fjell den 12.juni heilt fantastiske! Geirangervegen til Djupvasshytta utgjer dei første 16 km av dei totalt 21 km frå Geirangerfjorden til Dalsnibba, som ein enten kan sykle, springe eller gå under motbakkearrangementet den 12.juni. Det er mykje snø i fjellet og høge brøytekantar langs vegen, sjå bilde nedanfor (Foto: Bente Flem).

Vi fristar med dette alle motbakkeinteresserte til å ta ei treningsøkt i Geiranger og oppleve løypa i sin finaste prakt. Frå fjorden kan du no sykle opp (med ski på ryggen?), jogg rolig eller ta bilen til Djupvasshytta og gå på ski heilt til topps på Dalsnibba. Hugs å ta med tørre klede, det kan bli kjølig når ein er omslutta av all snøen. Dei siste 5 km av løypa, Djupvasshytta - Dalsnibba, opnar i løpet av mai.

I fjor vart det ny deltakarrekord med 855 totalt og DU kan være den som får deltakartalet over 1000 i år ! Påmeldingane til årets Geiranger frå fjord til fjell er gode knappe tre veker før startskotet går. I Nibberittet er det deltakarbegrensing og det er i skrivande stund kun 60 plassar ledig. I Nibbeløpet21 (tidl. Geiranger Halvmaraton) er påmeldinga meir internasjonal enn nokon gong, nesten kvar fjerde av dei over 140 påmeldte så langt er frå utlandet. Det er tydelig at mange i Sverige har fått augene opp for også å springe motbakkane i Geiranger.

Den fine snøen i fjellet i Geiranger tyder på at den guida skituren under Geiranger frå fjord til fjell, den 2-timers toppturen til Blåtind, blir attraktiv. Starten går frå Djupvasshytta og stigninga er på ca 500 meter. Her er det fortsatt mogleg å melde seg på, skituren går både dagen før og dagen etter arrangementet. Kvelden før arrangementet byr arrangøren også på gratis foredrag med Christian Prestegård og den unge syklisten Christoffer Remøy Endresen.

Vi ønskjer velkomen til trening og deretter til Geiranger frå fjord til fjell den 12.juni!

Mvh,
Knut Arild Maråk

www.frafjordtilfjell.comMob: 91869304

640pk_2011_10metersno
Powered by Labrador CMS