Ingressfoto: Inger Liv Bjerkreim Nilsen (SK Vidar/ Team United Bakeries) like før ho spring i mål på Fanaråken til suveren siger på tida 1.10.32. Ei sterk tid i motvinden.Tida er kun 2 min. bak løyperekorden til Anita Håkenstad Evertsen.  Foto Anne Jenny Dvergsdal

Det store samtaletemaet før start og på veg ned frå Fanaråken etter løpet var værmeldingane dagen før som hadde «skremt bort» mange trimmarar frå å delta. Det høyrer med til historia at den varsla vinden, med stormvarsel, den kom omsider den. Då var klokka omlag 22 og deltakarane var langt inne i feiringa av ein praktfull opptur til Fanaråken.

Det er nok mange som angrar på at dei ikkje deltok når dei ser dei flotte bildene og høyrer kor flott det vart. I konkurranseklassane derimot var det ikkje mange som brydde seg om værmeldingane. Det var 176 konkurranseløparar som fullførte løpet medan det var 254 i trimklassa.

640_Inger Liv mot mål. Foto Anne Jenny Dvergsdal.jpgInger Liv Bjerkreim Nilsen mot målet Fanaråkhytta 2.068 moh i praktfullt vær. Foto Anne Jenny Dvergsdal

Andrzej_Dlugosz_Foto_Anne_Jenny_Dvergsdal.jpg
Foto Anne Jenny Dvergsdal. Andrzej Dlugosz frå Polen var berre 11 sek frå å bli medlem av den eksklusive gruppa på 7 løparar frå 5 land som har klart å springe Fanaråken Opp under 1 time. Dlugosz vann på tida 1.00.10. Motvinden på omlag 10-13 sekundmeter må ta skulda for at Dlugosz ikkje fekk sjå 59 talet. 

6 beste damer

1. Inger Liv Bjerkreim Nilsen, Vidar SK /Team United Bakeries 1.10.32

2. Eva Jurenikova, Halden SK/Tsjekkia 1.17.16

3. Audhild Hestad, Gaular SK 1.17.40

4. Bodil Ryste, Gaular IL 1.23.28

5. Stine Aarstad, Ås IL 1.23.43

6. Margrete Ellingsbø, Orion friidrettsklubb 1.24.14

 

6 beste menn

1. Andrzej Dlugosz, Polen 1.00.10

2. Joel Dyrhovden, Samnanger IL/Team Dyrhovden 1.03.30

3. Geir Steig, Luster IL /Joker Luster 1.03.53

4. Tommy Haga, Sogndal IL 1.04.07

5. Fredrik Eliasson, Halden Sk 1.04.17

6. Leif Bjørn Grindedal, Feios IL 1.06.11

 

Fullstendig resultatliste

 

640_Startbilde . Foto Joar Vatlestad Sogn Avis.jpg

Foto Joar Vatlestad. Sogn Avis. Flotte løpsforhold på Turtagrø då fellestarten gjekk i konkurranseklassane kl. 11.00 med 176 deltakarar. Før det, mellom klokka 07.30 og 10.00, hadde  254 trimmarar starta same stad  Dei skulle alle få ein praktfull dag ute og oppe i Fanaråken Opp-løypa. 

 

640_Joel Dyrhovden_foto Anne Jenny Dvergsdal.jpg.jpg

Foto Anne Jenny Dvergsdal. I 2006 deltok Joel Dyrhovden for fyrste gong i Fanaråken Opp som junior. Han vart då nr 2 totalt kun slegen av Jon Tvedt. Den same plasseringa fekk Joel i går. I 2007 vann Joel junior-NM i motbakkeløp i Fanaråken Opp og før Joel vart senior rakk han å vinne 3 NM-gull i motbakkeløp. I 2008 vart Joel nr. 10 i junior-VM i motbakkeløp og vann same år VM-sølv i lagkonkurransen.

 

640_Geir Steig. Foto Anne Jenny Dvergsdal.1200pk.jpg

Foto Anne Jenny Dvergsdal. 19-åringen Geir Steig som representerer den lokale klubben Luster ILog Joker Luster vart nr 3 totalt og sette også ny solid pers i Fanaråken Opp med tida 1.03.53,- ei forbetring på omlag 3 min frå i fjor

640_Tommy Haga. Foto Lene Bolstad.1200pk.jpg

Foto Lene Bolstad. Tommy Haga, Sogndal IL, har hatt ein flott sesong som motbakkeløpar. Han vart m.a. nr 3 i junior-NM i motbakkeløp. I Fanaråken Opp sette han ny pers med tida 1.04.07 og vart nr 4 totalt.

 

 

640_EvaJurenikova_BjarneL. Foto Anne Jenny Dvergsdal.jpg

Foto Anne Jenny Dvergsdal. Eva Jurenikova vart nr 2 totalt i dameklassa på  1.17.16. Bak henne er Bjarne Ludvigsen; Team Melkesyre, på veg mot ny pers 1.17.16.

 

640_AudhildHestad_fotoAnneJennyDvergsdal.jpg

Foto Anne Jenny Dvergsdal. Audhild Hestad vart nr 3 totalt.

 

640_Bodil_Ryste.FotoAJD.jpg

Foto Anne Jenny Dvergsdal. Bodil Ryste vart nr 4 totalt.

 

640_Christian_Foto_HansArvidSkagen.jpg

Foto Hans Arvid Skagen. Kondis-reportaren (St. nr 172) måtte i går ha hjelp til å ta bilder fordi han sjølv stilte opp i konkurranseklassa. Her foreviga omlag 1450 moh. Det vart ein uventa praktfull opptur fordi den varsla stormen venta til alle deltakarane i Fanaråken Opp hadde kome seg trygt ned att. Oppe i høgre hjørnet kan vi skimte Lustrafjorden.

 

640_OveFortun_RaudeKors_FotoCP.jpg

Foto Christian Prestegård. I mål ved Fanaråkhytta var funksjonærane inkl Raude Kors hjelpemannskap ved leiar Ove Fortun godt utrusta og forebudd til å takle det meste, men det vart ein stille dag på jobb. Det vart ikkje meldt om ein einaste skade. Det ligg ein stor og krevande dugnadsinnsats bak gjennomføringa av Fanaråken Opp som går i krevande fjellterreng i stor høgde utan å kunne trekke på motorisert hjelp frå Eikra ved omlag 1000 moh og til toppen 2.068. Til toppen og til to av dei aller luftigaste drikkestasjonane i Noreg 1600 og 1800moh må alt fraktast med ryggsekkar. Totalt hadde arrangørklubben , leia av Anders Fortun, 75 funksjonærar i sving for å sikre gjennomføringa. Mange av dei hadde gått opp på Fanaråkhytta kvelden før og overnatta. Den natta vart det sett ny overnattingsrekord på Fanaråkhytta med 102 stk.

 

640_trim_Mundal.FotoAJD.jpg

Sjølv om værmeldinga i år gjorde at det var få trimmarar som etterpåmeldte seg løpsdagen, var trimmarane også i år i fleirtal. Her ei sprek jente som høyrer dei kjappe stega til Kjell Mundal som kjem bak henne og spurtar i mål til 2. pl. i klasse M50 på tida 1.11.36. Foto Anne Jenny Dvergsdal.

 

640_TerjeHordnes. FotoAnne Jenny Dvergsdal.jpg

Terje Hordnes vann kl. M50 på 1.10.12. Foto Anne Jenny Dvergsdal

 

640_Ove_JanOyvind_Kristoffer77.FotoAJD.jpg

Startnr. 175 i blått er Ove Bernes, Mjøsdalen IL som vann kl. M60 på 1.15.40. Startnr 77 er Kristoffer Gunther Hansen (M23-34) Sogndal Klatreklubb som fekk sluttida 1.15.33 og startnr. 112 er Jan Øyvind Bolstad (M40) frå arrangørklubben IL Fanaråk som spang i mål på 1.15.34. Foto Anne Jenny Dvergsdal

 

640_PerOve.FotoAJD.jpg

Per Ove Walaker frå arrangørklubben IL Fanaråk kunne juble for ny pers på 1.11.54 og ein flott 4. plass i kl. M40. Foto Anne Jenny Dvergsdal

 

640_Nancy_Anna_FotoAJD.jpg

Nancy Sommer, Varegg vart nr 2 i kl D45 med tida 1.27.03. Bak henne kjem Anna Magrethe Tråve, Lærdal IL som vann kl. D55 på tida 1.27.12. Foto Anne Jenny Dvergsdal

 

dale skulemusikk. foto Trond Helge Eide.jpg

Då løparane kom i mål fekk dei denne eineståande mottakinga av Dale Skulemusikk. Er dette det sprekaste skulemusikk-orkesteret i Noreg ? Dei gjekk alle opp og ned frå Fanaråken med instrumenta sine. Etterpå spelte dei også ved starten på premieutdelinga i Skjolden. Foto Trond Helge Eide.

640_Flott utsyn 2000 høgdemeter rett ned i Lustrafjorden.Foto_ChristianPrestegård.jpg

Kondis-fotograf Anne Jenny Dvergsdal saman med son sin Olav (13). Olav som har gått på Fanaråken sidan han var 6år ville ta turen i år også sjølv om han har hatt brot i leggen i 2 månader i sommar. Med gode fjelløpe-og tursko frå La Sportiva gjekk det kjempefint. Pga værmeldinga dagen før som varsla liten storm hadde Olav også på seg den vind- og vanntette jakka frå Bergans som dagen før vart kjøpt hjå Sport1 Sportsbui i Gaupne. Han skulle til topps uansett vær. Jakka gjorde nytten sin den sjølv om det berre vart frisk bris til liten kuling ( 8-13 m/sek) på det meste i fjellet medan løpet gjekk av stabelen.

 

640_FlottNedTUR. Foto ChrPrestegård.jpg

Også nedturen vart ein OPPTUR ! Her er det flott utsyn nedover løypa heilt ned til Turtagrø, og oppe i midten på fotoet ser vi ned til Skjolden og Lustrafjorden 2000 høgdemeter nedanfor. Foto Christian Prestegård