Pressemelding fra arrangøren:
I konkurranseklassa var det stor spenning rundt kven som kom til å kome først til mål. Blant herrane vart det ein jamn duell mellom Stårheim IL sin sterke skiskyttar, Johan-Olav Smørdal Botn og motbakkespesialist, Geir Steig frå Luster IL. I dag var det Botn som var sterkast i siste del av løypa. Aron Vonheim, Eid motbakkelag, sprang inn til tredje plass. Karoline Holsen Kyte var suveren i dameklassa, og ho var tett på rekorden sin på 38.44 frå 2017. Ann Kristin Aaland, Hardbagg IL, vann duellen om andre plassen føre skiskyttarkollega Maren Hjelmeset Kirkeeide, Markane IL.
Det var til saman 110 som deltok på dagens arrangement, 32 i konkurranse, 45 i mosjon og 33 i barneløp. Eid IL-skigruppa er svært godt fornøgd med deltakinga, og vi går for nytt arrangement til neste år.
Topp tre i herreklassa:
- Johan-Olav Smørdal Botn Stårheim IL 36.13
- Geir Steig Luster IL 38.44
- Aron Vonheim Eid motbakkelag 42.38
Topp tre i dameklassa:
- Karoline Holsen Kyte Førde IL 39.18
- Ann Kristin Aaland Hardbagg IL 49.55
- Maren Hjelmeset Kirkeeide Markane IL 50.28
Johan-Olav Smørdal Botn. Foto: Arrangør.
Karoline Holsen Kyte. Foto: Arrangør.
Ann Kristin Aaland. Foto: Arrangør.
Aron Vonheim. Foto: Arrangør.
Geir Steig. Foto: Arrangør.
Maren Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Arrangør.