Laurdag 23. juli er det klart for Hornindalsvatnet maraton for 20. gong. Påmeldinga så langt er lovande. Det samla deltakarantalet er så langt passert 133. I fjor vart det sett ny deltakarrekord. I år kan det bli endå fleire.

English version

Det var perfekte forhold under løpet i 2010. Den gang Helge Hafsås fekk strekk i låret og kom inn til 3.05.23. Då var det Jan Birger Hansen som leia an heilt frå etter 1 km. Han vann maraton på tida 2.51.13.  På tredjeplass kom David Urnes Johnson med tida 3.05.23.

I kvinneklassen vann Jody Brautaset fra USA maraton på tida 3.28.36 føre Turid Landsvik BFG Fana med tida 4.12.09. Jody kjem frå Amerika, men etternamnet indikerer at her er det snakk om ei real norsk bondejente fra Ørsta.

Anne Raftevold spring for Hornindal IL og sprang inn til 2.11.33 på halvmaraton 2010.
Foto: Алексей Третьяк

Hornindal som er eit av få norske maraton som går i juli, skilter vanlegvis et løp under gode forhold  med langløping langs Hornindalsvatnet. I fjor noterte vi 20 varmegrader, vindstille og fleire skuggeparti langs sørsida på Nord-Europas djupaste innsjø.
 
På halvmaraton i kvinneklassen var det 55-åringen Ingunn Eikrem Olsen Hasundgot IL som vann på tida 1.45.08. I herreklassen var det Audun Skogen Hakallestranda Kondisjon som vann på tida 1.19.23 føre Joar Moldskred, også han frå Hakallestranda Kondisjon. Joar fikk tida 1.21.23. På tredjeplass kom Einar Fannemel Hornindal IL på tida 1.22.49.

Løypekartet kan vere greit å studere.

Løparinformasjon

Terminlista

Hornindalsvatnet Maratons nettside med startlister

Påmeldte per 21. juli:
43 på MARATON
54 på HALVMARATON
14 på 10 KM
22 på MINIMARATON


Madeleine Fannemel er Kondismedlem og sprang inn til 2.08.39 på halvmaraton 2010
Foto: Алексей Третьяк

Fredag
er det henting av startnummer og etterpåmelding (19.00-21.00) og pasta på
Raftevolds Hotel

Laurdag er det henting av startnummer  og etterpåmelding på Hornindal Idrettspark frå kl 08.30

Reportasje frå løpet i 2010

Samleside for Hornindalsvatnet maraton.
 
Nett etter Norges tøffeste fjelløp Hornindal Rundt er det igjen altså duket for Hornindalsvatnet Maraton


Medlemskap