Ein av dei finaste
Garmin-klokka til ein eg kjenner påstår at den biologiske alderen hans er 21 år. Ikkje så merkeleg dersom det hadde dreidd seg om ein veltrent 30- eller 35-åring, men den heilt klart veltrente karen har passert 60 med god margin. Betyr det at han har gode utsikter til å leva til han blir 140?
Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.
Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 1–2026.
Sjølv ligg eg langt dårlegare an. Snart 61 år ifølgje skattekortet og 50,5 ifølgje Garmin-klokka. Dermed vil eg nok i beste fall bli 110, og bruker eg andre livslengdetestar som å stå på ein fot med auga att eller å komma meg opp frå golvet utan å bruke hendene, kan det vera game over omtrent kva tid som helst. Ut frå søvnsporinga i klokka skulle eg vori under torv for lengst.
Uansett så ser det ut til å vera ein trend å kvantifisere korleis både helsa, forma og framtidsutsiktene våre er. Sports- og smartklokker med tilhøyrande appar og KI har ei rad med slike funksjonar, og sjølv om talfestinga er langt frå sikker vitskap, så sel det godt.
HRV-balansen
Vi kjenner oss gjerne litt betre når klokka rapporterer at HRV-balansen er god – og tilsvarande dårleg når den har hamna under grøn sektor. Vi vil at VO2maks-talet skal vera jamt stigande eller i det minst ikkje fallande – sjølv om vi inst inne veit at det er berre eit høgst usikkert tal på ein stor eller liten skjerm.
For min del gjekk O2-talet ned da eg før jul var på Tenerife og sprang i heller sakte fart – men med god intensitet – på ulendte lavastiar. Da eg veka etterpå var i Stavanger og sprang med ca. same intensitet, men i større fart på langt flatare grusvegar, gjekk oksygenopptaket opp igjen, all julematen til trass. Ifølgje klokka.
«Longviety», eller rett og slett det å leve lenge, er i ferd med å bli ein stadig større business. Kosthald, trening og søvn i kombinasjon med meir avanserte biohackingsmetodar blir for somme eit livsprosjekt i seg sjølv. Ja, for enkelte kan det bli så viktig å leva lenge, at dei står i fare for å gløyme å leva medan dei gjer det.
Mest mogleg normalt
Da eg sleit som mest med hjarteflimmer for eit tid tilbake, sa ein av hjartelegane på Ullevål noko som eg beit meg merke i: «Tren slik du vil, og lev mest mogleg som normalt. Dei som lever best med flimmer, er dei som tenkjer minst på at dei har det.»
Kan hende har rådet overføringsverdi til livet generelt. Det er vel og bra å ta vare på helsa, og elskar vi livet her på kloden, er det lurt å unngå at livsstilssjukdommar forkortar opphaldet. Men viktigare enn å ta i bruk alle verkemiddel for å få til eit lengst mogleg liv, trur eg det er å bruke den tida vi har – på noko vi likar, med nokon vi likar.
Livet er ei gåve, og uansett kor god kondisjons- og helsetala i Garmin-appen er, så vil det heile ein dag vera over. Den einaste dagen vi nokolunde sikkert veit vi har, er dagen i dag. Så ikkje lat kondisjonsalderen på klokka – eller den finurlege planen for bli 120 år – overta styringa.
For ute lokkar skiløypene, og under snøen ventar våren. Kanskje blir den ein av dei finaste i livet så langt.