Rullestadvatnet Rundt søndag

Picasa
Picasa

Laban Siro sette løyperekord

"Alle var der". Kjendisfaktoren var relativt høy i den vesle Rullestad-grenda i Sunnhordland sundag 15. juli under Rullestadvatnet Rundt.

Publisert Sist oppdatert

Tidlegare direktør gjennom mange år i Rosenborg Ballklubb, Nils Skutle, var der. Løyperekordhaldar Thomas Finshus, Laban Siro, gamleordførar Lars Øyre og noverande ordførar i Etne, Sigve Sørheim var der også. . Gamleordførar Øyre var den sprekaste, for han stilte opp i konkurranseklassen og gjennomførte eit flott løp. Men tøft av ein travel ordførar og vera med på tilskipinga. Slikt står det respekt av.

Laban Siro sette løyperekord
Kraftige regnskyll før løpet, skremte kanskje nokon for å delta, men 60 personar stilte opp. Det er ny deltakar-rekord. Løypa er veldig kupert, og tungløpt med steinete stier opp og ned, trebruer og berg som må forserast. Alternativ til Råtassen?

Løyperekordhaldar Thomas Finshus frå Stegaberg IL kom til start i det startskotet gjekk, etter å ha køyrd i kø bak campingbil-turistar. Han heiv seg rundt, og tok opp jakta på teten. Han klarte å koma seg i tet, men etter ca ein km sette han foten ned i ei myr og eine skoa gjekk av.

Laban Siro som låg like bak, høyrde eit "no" og trudde Thomas hadde tatt feil av løypa. Han stoppa opp, men såg at Thomas hadde tråkka av seg skoa i myra. Då sprang han vidare åleine. Trass i tre andre stopp grunna litt uheldig merking av løypa, kom han i mål på 21.10 - nok til å forbetra løyperekorden med 13 sekund.

Arrangøren skapar fin atmosfære - fleire kjem att
Fjæra og Rullestad IL skapar fin atmosfære kring dette løpet. Difor var det fleire som var med for andre og tredje gong. Men det er likevel stort utviklingspotensial. At det var ny deltakarrekord, bør også inspirera arrangøren til å ta tilskipinga enno eit steg vidare til neste år. Kanskje eit barneløp? Og litt meire PR? Premiar for løyperekord som kan lokka fleire av dei gode lokale folka med?

Resultat i konkurranseklassen

Jenter:

1. Anna Markhus30.28
2. Gunn Markhus33.24
3. Guro Gravdehaug35.23

4. Maren Markhus35.38
5. Marthe Markhus75.03
6. Sølvi Markhus75.04
Helene MarkhusDNF
Eldbjørg MarkhusDNF

Gutar:
1. Laban Siro21.10Løyperekord
2. Per Øyvind Valen22.07

3. Thomas Finshus24.08
4. Carl Magnus Skutle27.16
5. Kristian Markhus29.11
6. Robert Melkeraaen30.27
7. Harald Måge32.58
8. Roger Brekke36.59
9. Lars Øyre37.48
10.Gisle Sellevold49.18


Frå venstre: Thomas Finshus, Stegaberg IL, Laban Siro, IF Klypetussen og Per Øyvind Valen, Haugesund IL. Foto: Kondis

Nr 1 - 2 - 3 blant jentene


Dei tre raskaste jentene: Anna Markhus, Gunn Markhus og Guro Gravdehaug. Foto: Kondis

Lars og Nils Skutle deltok


Lars Skutle haddde med far sin, Nils (ikkje ukjend Rosenborg BK direktør i mange år. Foto: Kondis

Alle som tør stilla i klasse med tidtaking er tøffe


I fin stil mot mål på Halvfjordingen Foto: Kondis

'Heile' Lillomarka deltok.


Lillomarka O-lag var godt representert. Ein flott og triveleg gjeng. Foto: Kondis

Ordførar Sigve Sørheim var med


Ordførar Sigve Sørheim flankert av arrangørar - Signe Ellen Fjæra og Torleif Fjæra. Foto: Kondis

Powered by Labrador CMS