Loading

Løyperekord i Hanguren opp

Karoline_Simpson_Larsen foto Heming Leira
15-åringen Karoline Simpson-Larsen (biletet) frå Rollag i Buskerud senka løyperekorden med 19 sekund i motbakkeløpet på Voss. Thorbjørn Thorsen Ludvigsen frå Bergen hadde ambisjonar om å slå Jon Tvedt sin løyperekord, men kom 13 sekund for seint.

Sjur Røthe fra langrennslandslaget vart nummer to, nesten halvanna minutt etter Ludvigsen.

Elles observerer vi at Trude Andersen, to gonger vinnar av Norseman Xtreme Triathlon held seg i form også etter at ho flytta til Voss, ho kom på fjerdeplass i den niende utgåva av Hanguren opp.

Hanguren opp var andre løpet i serien Voss Oppturar. Det neste er Rimstigen opp 28.juli.

Foto: Heming Leira


Beste resultat:

1 Ludvigsen Thorbjørn Thorsen  MS 20-34   23:05
2 Sjur Røthe  MS 20-34   24:31
3 Lars Erik Skjervheim  MS 20-34   24:43
4 Trefall Einar  G 18-19   24:46
5 Leif Grindedal  MS 20-34   24:57
       
17 Karoline Simpson-Larsen  J 12-15   27:49
21 Silje Rafaelsen  KS 20-34   28:17
36 Une Kvelvane  J 12-15   31:22
39 Trude Andersen  KV 35-39   31:38
46 Anna Magrethe Tråve  KV 55-59   32:34
54 Hege Djukastein  J 18-19   33:35

 

 Resultatliste

  • Digg this
  • Delicous
  • Friendfeed
  • Tips en venn
  • Skriv ut