Joel Dyrhovden var raskast av alle og sette ny løyperekord i den andre utgåva av "Trollenykjen Opp" på Nordfjordeid i Sogn og Fjordane. Dyrhovden senka fjorårsrekorden til Arve Rindal (Eid) frå 36.54 til sterke 35.10 i det ca. 4 km lange løpet med ca.900 hm. Rindal tok 2. plassen i årets løp med 37.31. 3. plassen totalt kneip Kjell Mundal (Jølster) foran Rune Venøy (Eid).

Kvinneklassa vart vunne av Merethe Helgheim på 44.25. Hennar eigen rekord frå i fjor på 42.01 vert dermed ståande. Åse Iren Sætre frå Ørsta fekk 2.plass med tida 47.42. medan Sigrid Hjelle (Eid) tok 3. plassen totalt med 52.00.  Totalt stilte 49 deltakarar i konkurranse og 96 i mosjon.

Forholda for springing var heilt greie, men i siste del av løpet var løypa litt sleip etter regn natta før. Det var opphaldsver, vindstille og fin temperatur under arrangementet, men skodde i fjellet gjorde utsikta frå toppen heller dårleg. Deltakarane tok ikkje det so tungt, men ga heller skryt til arrangøren for bra merking av løypa.

Vinnar Joel Dyrhovden ga uttrykk for at dette var ei løype som passte han godt, og meinte det var eit skikkelig motbakkeløp. Han ville gjerne kome tilbake neste år.  Alle deltakarane i både konkurranse- og mosjonsklassa fekk premie. Dette kan ein takke næringslivet og handelsstanden på Nordfjordeid for, som bidrog med nyttige gåvepremiar. Det er ikkje alle motbakkeløp som har 100% premiering.

Hjemmesiden til Eid IL Skigruppa

Resultatliste

Bileta undervegs i løypa er tekne av Reidun Rindal og på toppen av Trine Kroken Karlsen. Ein finn endå fleire bileter på heimesida til skigruppa.

   Joel Dyrhovden

   Arve Rindal

 
Joel Dyrhovden satte ny løyperekord....

 
- og blir gratulert av den gamle rekordfholderen Arve Rindal