Bjarte Vik nr. 4 i sitt eige løp

DSC_5419-2

Mulugeta og Elise vann eliteløpet

I alt 52 deltakarar var samla til start på den smale asfaltvegen i Vik på Osterøy. Godt humør og ver prega arrangementet som var det fjortande i rekkja.

Publisert Sist oppdatert

Løpet går gjennom kulturlandskapet langs Osterfjorden, som i dag var kledt i sin vakraste haustdrakt og solskin. Løpetilhøva var gode, men ein liten vind imot haldt løparane tilbake frå dei aller største tidane i dag.

Først mot mål i Bruvik, og langt framom dei andre kom Mulugeta Zewde Hulensav (Norna-Salhus). Han har tidlegare vist kor sterk han er og endte i dag på sterke 14:53 i den 5046m lange løypa som endar nokre få meter nærare havet enn starten går frå. Etter eit lite minutt kom fleire ung-gutar frå Norna-Salhus, nemleg Gustav Iden (15:51) og Jørgen Tvedt (15:58). Bjarte Vik sjølv (Osterøy) måtte ta til takke med fjerdeplassen på tida 16:09 i dag.

I kvinneklassa var det Elise Vikne frå Osterøy IL som kom klart først. Ho fekk tida 18:09 og var med det akkurat eit minutt føre Marte Hjortland Hundhammer (Norna-Salhus) som kom inn på 19:09. Tredjeplassen tok Anette Fitje (Osterøy) på den flotte tida 20:04.


Frå venstre: Anette Fitje (Osterøy) på tredjeplass, Elise Vikne (Osterøy) på første, og Marte H. Hundhammer (Norna-Salhus) på andreplass.


Norna-Salhus tapetserte herrepallen i Bjarte Viks eliteløp. Frå venstre: Gustav Iden, Mulugeta Z. Hulensav og Jørgen Tvedt.

Fleire bilete under resultata.

NrNavnResultatPersFødtDeltakelser
1Elise Vikne1809p19883
2Marte Hjortland Hundhammer1909p19961
3Anette Fitje2004p19691
4Norunn Vik Larsen.2034 19675
5Cecilie Landro2044p19941
6Marion Vevle2249p19661
7Herdis Helle2343p19731
8Linda Tvedt2649p19721
9Bianca Saraci2921p19981
10Sara Dyrkolbotn2943p20011
11Sylvi Rusås3002p19821

Resultat kvinner


Resultat herrar

NrNavnResultatPersFødtDeltakelser
1Mulugeta Zewde Hulensav1453p19871
2Gustav Iden1551p19962
3Jørgen Tvedt1558p19952
4Bjarte Vik1609 196914
5Jon Ivar Djønne1642p19792
6Christer Vonheim1654 19794
7Jan Henrik Olsnes1659p19791
8Brigt Strømmen1659 19594
9Kjetil Dyrvik1700 19649
10Andreas Tvedt1707p19912
11Dag Haugland1713p19601
12Øystein Hanstveit1720 19638
13Jan Roar Solberg1721 19796
14Eirik Aastvedt1723p19952
15Kjetil Monstad1724p19731
16Harald Olsnes1725 19645
17Ove Bernes1742 19526
18Christer Sælen1752p19811
19Jarle Torkildsen1752p19712
20Øyvind Bjørsvik1754p19761
21Jørgen Pettersen1854 19682
22Bjørnar Rødseth Espelid1855p19971
23Tore Hannisdal1904p19691
24Magne Espelid1917p19641
25Petter H Sæbø1930 19626
26Åsmund Ås Andersen1931p19961
27Glenn Sangolt1947p19712
28Magne Vikne2001 195412
29Audun Landro2016p19591
30Arne Mjelde2038 19423
31Idar Fjeldstad2121p20002
32Christer Aastvedt2147p19711
33Simen Øksnes2155p20001
34Bjørn Arne Mo2204 19522
35Arve Henningsen2223 19722
36Torbjørn Johannessen2247p19921
37Geir Atle Mjelde2249 19616
38Geir Myrvold2259p19651
39Ivar Monstad2548p19991
40Krister Dyrkolbotn2549p20001
41Sebastian Bjørsvik2953p20051


Nokre minutt før start i Vik.


Dag Haugland (med ryggen til) gjer siste del av oppvarminga til dette for han korte løpet. Christer Vonheim (Ask) konsentrert før start.


Rett ved målområdet er næraste nabo engasjert med vaffelsteiking og sal av andre godsaker.


For oss som kjennar han er det inga overrasking at det er Mulugeta som dukkar først opp bakom træra mot Bruvik.


Nestemann er Gustav Iden, som kjem seg fint under 16-talet. Rett bak kom Jørgen Tvedt, også med ei tid under 16. Fint såpass seint i sesongen. No er det ein liten vinterpause før elevane på idrettslinja på Tertnes vidaregåande.


Bjarte Vik må strekke våpen for dei raske unggutane frå Norna-Salhus. Det må vel vere greit for ein som har passert 40.


Jon Ivar Djønne (IL Fri) er ein mann som har det med å overraske i dei løpa han stillar opp i. Her tek han ein flott 5.plass med den knallsterke tida 16:42.


Christer Vonheim (Ask) må slita for å halde unna for Kjetil Dyregrov frå Voss. Innsatsen er det i alle fall ingenting å seie på. I mål endar dei på hhv 16:54 og 17:00.


Rett bak kjem Jan Henrik Olsnes og Brigt Strømmen (begge Il Fri). Dei klarar begge å ta att Kjetil og knip seg inn på delt 7. plass med 16:59. Bak Jan Henrik og Brigt skimtar vi Andreas Tvedt og Dag Haugland.


Nr 194 er Øystein Hanstveit frå Mjøsdalen Il som kom inn på tida 17:20. Nr 463 er Kjetil Monstad, 17:24. Nr 196 er Harald Olsnes som spring i mål på 17:25.


Elise spring mot mål som første kvinne til bygda ho kjem frå. Sesongen er stort sett over fortel ho, men vi håpar å sjå ho i mellom anna løpa til Blåmanen som byrjar i Bergen allereie neste helg.


Magne Espelid på veg mot mål med tida 19:17. Fin tid i sin første deltaking.


Glenn Sangolt gjev tommelen opp, vi anar ikkje for kva (det er så mykje å vele blant), men så lenge humøret er godt er allting godt. Sangolt kjem i mål med tida 19:47, som er ny personleg rekord.


Anette Fitje (Osterøy) steger ut i det som skal bli tredjeplass for kvinner med tida 20:04. Fint å hamne på pallen i si første deltaking. Rett føre henne i biletet ser vi Magne Vikne, som har vore med i heile 12 av dei fjorten løpa.


Spreke Marte H. Hundhammer tok andreplassen. Marte ønskjer å satse på triatlon framover.


Etter vaksenløpet var det barneløp, premieutdeling, premieutdeling på startnummer, og utdeling av premie for Bruviktrimmen. Mykje som skjer på same tid altså.


Både undertegnede og deltakande Kondis-reportar Jørgen Pettersen er samd i at det var ein flott dag i ei flott del av Hordaland.


Vi avsluttar reportasjen med eit lite naturbilete frå Vik. Takk til arrangør for eit vel gjennomført arrangement.

Powered by Labrador CMS