Litledalsvatnet har i mange, mange år vore lokkande med veg rundt heile vatnet. Fylkesveg på nordsida og kommuneveg på sørsida. No er det asfalt rundt heile. Lokkande for syklistar, dei som luftar hunden og løparar.
Etne Event fann då ut at her bør ein kunne ha eit mosjonsløp i tillegg til IF Klypetussen sitt sykkelløp på våren. Kondis har målt løypa til nøyaktig 7543 m på éi runde.
Kr 7000 til MercyShips
Med kr 25,- av alle startkontingentar på 118 fullførande, all netto av kafésalet og funksjonærar som stilte gratis opp, vart det ein pen sum til MercyShips. Kanskje viktigare enn løpinga....?
Kjempeløp av Maryna Novik, IF Klypetussen og Ørjan Grønnevik, Spirit Stavanger!
Løyperekordane er no 27.19 på kviterussiske Maryna Novik (bondekone i Vikedal), og Ørjan Grønnevig på 22.40. Det er fort på kuperte 7.54 km! Etter råd frå Kondis vil løyperekordsummen auka år for år om han vert ståande (og det kan verta store summer før dei vert slegne).
Vindstille, 15 varmegradar ga gode løpstilhøve. Urige Buta, Haugesund IL skulle vore i nok eit OL, men skadar og sjukdom har gjort at han ikkje har fått vist sitt beste etter fabelaktige 2.09.27 i Frankfurt for fleire år sidan. Men i "Vatnet Rundt" vart han nummer 2 etter eit flott løp på 23.04. Også Martin Finne, IL Gular var godt under løyperekorden Mats Hauge sette i testløpet i 2015 (rett nok i sterk vind).
For jentene viste velkjende Elin Steinsbø Fylkesnes sterke saker i klasse 40 - 44 og vart nr. 2 med 31.21. Ho er tidlegare toppsyklist med sølv på NM-tempo. Ho har løyperekord i m.a. Langfoss Opp, (brattaste løp i Noreg), og deltek no for Haugesund Triatlonklubb. Allsidig dame med andre ord.
Og gledeleg Marian Markhus Vevatne på pallen med 32.49. (Fire dagar tidlegare prøvde ho seg i funksjonærløpet og sprang på 32.23). Marian er ekte Etne-jente og var til nyleg ukjend for Kondis sin lokal-redaktør. Kjekt med nye, sterke lokale andlet!
Bra deltaking i det fyrste løpet
I alt 120 deltakarar i det fyrste "Vatnet Rundt" var tilskiparane i det nystarta Etne Event vel nøgde med.
Stort startfelt med mange raske folk. Fire lokale "Gullsponsorar" på målseglet gjorde det mogeleg med bra satsing med eletronisk tidtaking, flotte diplomar, medaljar, pengepremiar og god annonsering. Foto: Gisle Sellevold
Dei tre raskaste mannfolka: Ørjan Grønnevig (4), Martin Finne (16) og Urige Buta saman med ordføraren i Etne, Siri Klokkerstuen, som åpna arrangementet. Urige Buta som har vore kåra som Noregs beste løpar heile fem gonger og Ørjan Grønnevig er og blant Norges beste og deltok nyleg i EM i friidrett. Han har 6 NM-gull på 5000 m, 10000 m og maraton. Foto Kondis/Sellevold
Harald Orvedal i sitt 91. år deltok saman med sitt oldebarn. Harald har gjennom storparten av sitt arbeidsliv arbeidd ved Litledalen kraftstasjon der start og mål for "Vatnet Rundt" er. Foto: Sellevold/Kondis
Tre raskaste jenter:
1. Maryna Novik IF Klypetussen 27.19 Løyperekord
2. Elin Steinsbø Fylkesnes Haugesund Triatlonklubb 31.21
3. Marian Markhus Vevatne Etne IL 32.49
Tre raskaste gutar:
1. Ørjan Grønnevig Spirit Stavanger 22.40 Løyperekord
2. Urige Arado Buta Haugesund IL 23.04
3. Martin Finne IL Gular 24.37
Alle resultat her
Her finn du den populære "Vatnet Rundt"-songen med tekst, melodi og framføring av visekunstnaren Jimmy Næs. Foto: Sonja Maria Høyland
Samarbeid og fine trekkjepremiar
Samarbeid er bra. "Rullestadvatnet Rundt" og "Vatnet Rundt" hadde gått saman om å trekkja kr 1000,- mellom dei som var med på begge tilskipingane. Kjetil Nygård Seljelid var den fortente vinnaren.
Kr 1000,- vart óg trekt mellom dei som fullførte "Vatnet Rundt". Her vann sveitsiske Martina Koenig.

Novik og Grønnevig med flotte løp i det fyrste "Vatnet Rundt" i Etne
Maryna Novik, IF Klypetussen og Ørjan Grønnevig løp særs raskt i det 7543 m lange "Vatnet Rundt" i Etne i Sunnhordland lørdag. Det vart fest i Litledalen med løparar frå mange klubbar i fargerike klubbdrakter. 104 løp rundt vatnet og 16 glade born løp 850 m.
Siste medlemssaker
Annonse