I fjor vart Øyvind nr 2 bak 19-åringen Asbjørn Berland, Samnager som var i knallform på forsesongen og vann på ny løyperekord 33,51. Øyvind var 14 sek. bak. Øyvind har dei siste 10 månadene studert og trent i USA . I Storehaugen Opp fekk han vist at opphaldet i USA har hatt god effekt på løpsforma. Øyvind sletta løyperekorden til Berland med nesten minuttet og dei skal springe fort som skal hindre Øyvind i å vinne sitt andre strake NM-gull i motbakkeløp i år i Kvasshovden Opp 16. juli.
I dameklassa vart det også ein imponerande siger då 56-åringen Anna Margrethe Tråve frå arrangørklubben Lærdal IL vann på tida 41.55. Ho var berre 37 sek bak løyperekorden til Merete Helgheim frå 2009. Merete har dei siste åra vore i Norgestoppen i motbakkeløp med fleire medaljar frå seniorNM i motbakkeløp. Prestasjonen til Anna Margrethe Tråve er i verdstoppen i motbakkeløp for Veteraner. Det skal bli spennande å følgje med når Anna seinare i år skal delta i VM i fjelløping for veteraner i Italia 17. september.
Årets Storehaugen Opp vart ein praktfull motbakkefest der 430 deltakar sette ny deltakarrekord . I fjor deltok 355. Av dei 430 var 120 i konkurranseklassa. Sjå resultatlista
Tekst og foto: Anne Jenny Dvergsdal og Christian Prestegård

Vinnaren Øyvind Heiberg Sundby kom så raskt på fotografen at han det vart ei stilsudie bakfrå. Her er det bratt ! Den 3,4 km lange løypa med 900m stigning har ei gjennomsnittleg stigning på vel 26%.

Her blir vinnarane intervjua av lokalavisa Sogn Avis ved Terje Eggum som sjølv deltok med sekk i konkurranseklassa 55-59år.

Arrangør Bjørghild Holien , Lærdal IL kom seg fri frå arrangøroppgåvene for å springe løpet sjølv. Trass i dårleg oppladning med ribbensbrot for nokre veker sidan klarte ho å springe omlag halvminuttet rakare enn i fjor og fek sluttida 48.39.

Nancy Sommer, Varegg IL vann kl. K40-44 på 47.08 og vart nr. 4 totalt i dameklassa. Her tauar ho på Anders Sommer som vart nr. 2 i klassa 15 år og yngre. I mål var Anders fyrst av dei to med 46.52

Syster og bror på (T)OPPTUR ! Kommunal-og regionalminister Liv Signe Navarsete (SP) som vaks opp i nabokommunen Sogndal , bur i dag i Lærdal . Ho deltok i trimklassa og hadde kome i mål på toppen av Storehaugen 908 moh då broren Anders Inge Hundere, Lærdal IL, kon stormande i mål som vinnar av klasse 60-64 år på tida 43.08.

Show og TOPP stemning i løypa då mange av dei 310 trimmarane på nedtur applauderte dei 120 konkurranseløparane på OPPTUR .

Det var mange TOPP-resultat i dei eldste veteranklassane. Vinnaren av kl. menn 70 år + , Christian Børs Lind, Røa IL fekk vinnartida 49.30 ! Det er imponerande av ein 71-åring !

Storehaugen Opp har den brattaste innspurten som eg har opplevd i noko motbakkeløp. Iflg arrangøren er det 50% stigning når du har 150m til mål ! Her er vinnaren av kl. 40-44 år, Jan Øyvind Bolstad (41) på veg ned medan ein mix av trimmarar og andre konkurranseløparar er på veg opp. Jan Øyvind representerer IL Fanaråk som er arrangør av det internasjonale motbakkeløpet BUFF Fanaråken Opp 6. august som i år vert arrangert for 9de gong.

Som far så son og omvendt ! Trond Sundby , Balestrand IL er far til totalvinnar Øyvind Heiberg Sundby. I fjor sykla Trond rundt i Lærdal sentrum med ryggskade ute av stand til å gå eller springe Storeghaugen Opp. I år vart han nr. 3 i kl. 60-64 år med tida 48.25.

På nedturen fekk deltakarane servert spekemat og flatbrød ved drikkestasjon omlag halvvegs. Det smakte utruleg godt !

Med dette bildet takkar Kondis-teamet Anne Jenny, Christina, Olav og Christian for seg til arrangøren Lærdal IL ved Bjørghild, Jan Christian, Anna og Tor Anders, Storehaugen Opp vart ein multidimensjonal opptur for familien Dvergsdal-Prestegård som vært lagra i den positive minnebanken til evig tid. Det sosiale høgdepunktet for Christian var gjensynet / møtet på toppen av Storehaugen med leikekameraten Liv Signe Navarsete ( den gong Hundere) frå Sogndalsdalen (på 1960-talet). Det måtte jo skje i Lærdal på TOPPEN etter ein praktfull OPPTUR !