Flott fjellutfordring 15. april

Skjolden_paa_tvers-4

"Skjold på tvers" - for tredje gong

15. april går tredje utgåva av den 23,8 km lange fjellferda "Skjold på tvers", nord i Rogaland. Ein kan ta det som fin tur eller beinhard konkurranse.

Publisert Sist oppdatert

Pressemelding:

I april 2010 såg arrangementet Skjold på tvers dagens lys for første gong. Deltakinga overgjekk dei fleste forventningar: 246 personar, derav 26 i den tøffe eliteklassen, gjennomførtee heile eller deler av den 23,8 km lange turen frå Hodnafjellet i vest til Søljåsen i aust. Vêret var høgst varierande, men ei rekkje tilbakemeldingar viste at arrangementet vart godt motteke både i bygda og i regionen elles.

"Skjold på tvers" 2011 blei ein kjempesuksess med nesten 400 deltakarar totalt! Vi hadde sol frå klar himmel og nesten 20 grader.

Då ideen om "Skjold på tvers" vart fødd, var ein av tankane at arrangementet skulle vera årleg. Tanken står ved lag, og 15. april 2012 er det derfor tid for tur for tredje gong. Det ryktes allereie no at mange fleire - i alle aldrar og kondisjonar - denne dagen skal ut og sjå på den vakre naturen bygda vår har å by på. Eksisterande turløyper frå ytst til inst knyt igjen bygda naturleg saman.

Skjold skal på kartet! Skjold vil visast igjen på Haugalandet!

Arrangør er ei undergruppe av Skjold Bygdalag, men ei rekke lag og organisasjonar i bygda vil også denne gongen vera involverte på ulike plan. Løypetraseen vil bli den same som sist og logistikken rundt arrangementet vil ein i store trekk også kjenna igjen.

Meir om arrangementet hos iskjold.no


Løyperekorden i den 23,8 km lange løypa med mange fjellovergangar er på 2.16.37. Vil nokon slå han i år?

Powered by Labrador CMS