Loading

Skuggenatten Opp i Nissedal

250_Portrett_JannOlav_Tjonneland_FotoChrPrestegaard
Motbakkeløpbølgja slo med stor kraft oppover dei breslipte svaberga i Treungen då det fyrste Skuggenatten Opp vart arrangert i går med 180 deltakarar
Løypetraséen opp til toppen av fjellet Skuggenatten gjekk på fjellryggen frå venstre mot høgre. Fjellet har fått sitt namn fordi nordveggen som vi ser her som oftast ligg i skugge

Ingressbilde. Totalvinnar Jann Olav Tjønneland, Viksdalen.

Tekst og foto: Christian Prestegård

Arrangør Treungen IL fekk større oppslutning om premiereløpet Skuggenatten Opp enn dei hadde drøymt om då 180 deltakarer møtte fram til start. Av desse deltok 70 i konkurranseklassane. Det vart ein praktfull solrik opptur i ein flott løypetrasé på 4,3 km med 456 meter høgdeskilnad mellom start og mål. Løypa var særs godt merka med blå piler kvar 7-8 meter heile vegen til topps på det 706 meter høge fjellet Skuggenatten !

Arrangøren ved Olav Nilsen fekk ei bølgje med positive tilbakemeldingar frå deltakarane på løypa og arrangementskonseptet og masse inspirasjon til å gjere dette flotte motbakkeløpet til ein endå større folkefest til neste år !. Det blir nok også flott omtale i Varden, TA og Vest Telemark blad. Sjølv vart eg så begeistra att eg sprang løpet ein gong til etter premieutdelinga for å  fotografere løypetraseen og  løypmerkinga i særklasse . Sjå foto nedanfor.. Dette løpet gav meirsmak....

I herreklassa vart det eit rivande spurtoppgjer om sigeren mellom skiløparen Svein Olav Utistog, Vinje IL og Motbakkeløpentusiasten Jann Olav Tjønneland, Viksdalen IL. Jann Olav , som spring minst eitt motbakkeløp kvar veke, vart dømd fyrst i mål på tida 27.03 medan Svein Olav fekk tida 27.04. Aller mest imponerte 15 åringen Ole Petter Fjeld , Oseberg Skilag, som vart nr tre berre 17 sekundar bak vinnaren.

I dameklassa vann Brita Cecilie Mustad, Norcem BIL suverent på tida 30.47 . Nr 2 Tone Dalen , Vegårshei IL var over 3 min bak på tida 33,53. Også i dameklassa var det ein 15-åring som kom på 3 plass. Hedda Lundeberg Aas, Skarphedin IL sprang til topps på 34,34.

Alle Resultater

 

 

 

 

Dei tre raskaste i herreklassa
Dei tre raskaste i dameklassa
75% av løypetraseen gjekk på berg
Særs god løypemerking !
Flott utsyn frå toppen av Skuggenatten nordover innsjøen Nisser i retning Vrådal
Etter løpet gav eg arrangøren ros for særs god løypemerking gjennom heile løypa og denne markeringa av 170m til mål gjorde at eg blei motivert til å sette inn ein ekstra sluttspurt. Det gjorde at eg
  • Digg this
  • Delicous
  • Friendfeed
  • Tips en venn
  • Skriv ut