Ingressbilde: Øyvind Heiberg Sundby, Tjalve som er tidlegare  NM-vinnar og EM-og VM-deltakar i motbakkeløp er klar for Storehaugen Opp som han vann i 2011 på 32.58 . 

 

Som i fjor får Øyvind tøff konkurranse av Stian Hovind Angermund , Varegg IL . I fjor vart Stian nr. 2 på tida 33.28 medan Øyvind vart nr 3 halvminuttet bak.  Begge to har i dag vist at dei er i god form. Stian vann Ulriken Opp og Øyvind vann Grefsenkollen Opp. Det ligg bokstaveleg tala an til ein topp-duell i den bratte Storehaugen Opp-løypa som har ein gjennomsnittleg stigning på 24,5%. Løypa er 3,7km lang med 903 høgdemeter mellom start og mål (908 moh)

 

900pk_Storehaugen i kveldsol med profil

Løyperekordane tilhøyrer Kirsten M. Melkevik, IL Gular 37,24 (2012) og Torbjørn Th. Ludvigsen, BFG Fana 32.15 ( 2012)

I dameklassa er det, ut frå påmeldingane til no, ei dame på 59 år som er i favorittskiktet. Den lokale Anna M. Tråve, Lærdal IL, vann i 2011 Storehaugen Opp på tida 41.55. Anna har dei siste åra vore i toppen i si klasse i EM og VM i motbakkeløp for veteranar. Arrangør Lærdal IL forventar som tidlegare år at det kjem mange påmeldingar dei siste dagane med gode løparar som "bør" kunne springe raskare opp til Storehaugen enn ei dame på 59 år.

Arrangøren melder til Kondis.no at  påmeldingsfristen er 28. mai kl. 20:00 og at dei reknar med omlag 400 deltakarar. Det er også høve til etterpåmelding inntil ein time før start (dvs kl. 12.00) løpsdagen 29. mai i sekretariatet på Lærdalsøyri skule som ligg omlag 500m frå startstreken . For meir info om løpet og påmelding sjå www.storehaugenopp.com .

Arrangøren melder m.a at alle deltakarane får t-skjorte etter dei er nedattkomne frå Storehaugen. Dette gjeld både konkurranseløparane og mosjonistane, Det er tredjedelspremiering i konkurranseklassa , men allle som fullfører i 15 års klassa og i klassa over 70 år får premie. Vi tek til slutt med at løypetraseen i år er i topp stand, med fast løpsunderlag utan blaute parti.

storopp_Luftfoto