PRESSEMELDING:

Storehaugen Opp i Lærdal vart arrangert for 2 gong  Kristi Himmelfartsdag 13 mai. Storehaugen Opp  var starten på motbakkeløpssesongen og samla eliteløparar frå heile landet. Været var perfekt å springa i, vindstille og 5 grader på toppen, tørr og snøfri trase og  med ein  gjennomsnittsstigning  på 28%, var dette ein knallhard start på sesongen! Opp Skaret rett før mål, er det 100 meter med 50% stigning.

Christian Prestegård  motbakkekjendis, var deltakande reportar og sette Lærdal og Storehaugen Opp på Norgeskartet med direktesending  på  Norgesglasset, Nrk P1.

 

 Totalt 105 sprang på tid, ein auke på over 20 i forhold til i fjor. Me er utruleg stolte av å ha hatt Norges beste motbakkeløparar på Storehaugen Opp og er imponert over rekordløpet til Asbjørn Berland frå Samnanger i jr klassen. Tida 33.51 er umenneskeleg god. Han tok løyperekord, i fjor hadde Arild Een bestetida på 35.41. Een vart henvist til fjerdeplassen i år. Øyvind Heiberg Sundby, vinnar av motbakkecupen i fjor, vart nummer 2 og Mats Mjøs Andersen nr 3. Blant damene var Merete Helgheim frå Gloppen suveren med 42.03. Nytt av året var at ungdom inntil 15 år kunne springe på tid. Her var det mange unge lovande motbakkeløparar som alle fekk premie for kjempegod innsats. Viser elles til resultatlista.

 

 

 

 Mosjonistane danna ramma rundt arrangementet og heia fram løparane oppover i trasen. Totalt 250 mosjonistar  gjekk i eige tempo opp Storehaugen. Gledeleg at so mange ungar og ungdom var med. Mange tok turen som ein familietur og såg ut til å nyta naturen og utsikta. Deltakarpremie til alle var t-skjorte med bilete av Storehaugen med traseen på og uttrekkspremiar på startnummer.

 

Dugnadsinnsatsen i bygda er stor og 180L væske vart bore opp til drikkestasjon og til topps. Lærdal Turlag, Lærdal Røde Kors Hjelpekorps, Lærdal kommune, sponsorar, elevbedrifter og enkeltpersonar stillte opp for at arrangementet skulle bli so vellukka. 

 

 

Me ynskjer alle deltakarar og fleire til velkomen tilbake neste år og er særs nøgd med dagen og deltakinga!

 

 

Friidrettsgruppa i Lærdal il ved Bjørghild Holien 

 

RESUTLATLISTE

REAULTATLISTE KLASSEVIS

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Christian Prestegård og Asbjørn Berland på toppen av Storehaugen i Lærdal
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

I målområdet

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

På stupet