Toppbilde: Ultravinner Halvorsen ved drikkstasjonen på Fiskånabrua, etter vel fem mil

 

Ultraløparane Tom Erik Halvorsen og Maria Nordfjell, og maratonvinnar Joel Pedro knuste vinnartidene frå i fjor med ein halvtime eller meir. Mona Nordbø frå Vrådal vann kvinneklassa 14 minutt før Sølvi Hjelmeland Stensli, og var nok ein av dagens gladaste.

 

Ettermiddagen blei prega av langvarig regnver, men det plaga ikkje løparane særleg mykje, og det var svært mykje glede å sjå ved målgang. Mange gjennomførte sin første maraton eller 82 km- ultra for første gong. Det var ein god del publikum som koste seg på den fine arenaen, i storteltet og rundt bålet, åt elgsuppe, vaflar eller pølse, og skapte god stemning etter som løparane kom i mål.

Alle løparar hadde GPS-sporing på seg, slik at alle kunne følge løparane undervegs kvar dei var, på nett. Publikum trudde knapt sine eine auger då dei såg farta til Ultrabirkenvinnar Tom Erik Halvorsen frå Sandnes. Han kom i mål på 8 timar og 16 minutt, noko som er 40 mimitt raskare enn fjorårsvinnar Terje Sandness. Maria Nordfjell sin ultrarekord i Telemark lyder på 10 timar og 35 minutt. Den eine slitne og blide løparen etter den andre kom i mål gjennom heile dagen til jubel, medalje, trøye, mjød og elgsuppe. Det timeslange «Telemarks Tøffaste Barneløp» rundt idrettsplassen i Treungen er blitt populært, og nokre av barna sprang svært mange runder, den som hadde flest klarte 18. Målet til arrangør Treungen IL er å skape idrettsglede og motivere til meir trening og folkehelse. Neste års Telemarks Tøffaste vil også by på terreng-halvmaraton, der løpsleiar Helge Reinholt lova rein trase som skal bli landets vakraste halvmaraton. «Vi gler oss til å vise dei tilreisande den fine stien langs Nisser, frå Røyrodden mot sentrum», seier Reinholt, som er stolt av alle naturperlene i denne delen av Telemark. Han rettar samtidig ein stor takk til dei om lag 50 medlemmane i idrettslaget som hjalt til med eit arrangement som teknisk og servicemessig var svært vellukka, utifrå løparanes reaksjonar å dømme.

Asbjoern_Folleraas_640.jpgAbjørn Follerås, Lindås Sportslaug på veg opp til Røyråsen etter 19 km.

Ein god del løparar på den lengste distansen gav seg halvvegs, noko publikum ikkje syntes var særleg rart, sidan YR sitt ekstremvarsel slo til. Særleg mange danskar syntes det blei glatt på svaberga. Men dei fleste var godt nøgde med løypa og forholda, og mange sette pris på det kjølande regnet, sjølv om myrane blei tyngre og blautare utover dagen. Heldigvis ga regnet seg i kveldinga. Uansett koste publikum seg med godt rigga arena, 100 kvadrat stortelt, fleire bålpanner, elgsuppe til salgs og GPS-løpet på storskjerm. Leverandøren av GPS-systemet, TrackYou, kjem nok til å få fleire ultraoppdrag etter kvart, for systemet fungerer fint. Nokre tilpasningar til så kjem nok dette til å bli meir og meir populært, sidan ultraløp blir veldig tilgjengeleg og publikumsvennleg.

Pall-vinnarane fekk store mjødkrus, laga av keramikar John Skognes, og premien til alle klassevinnarar er eit keramikk-mjødbeger med 1. plass skriven på, og med logoen til løpet. Litt interessant: Bare 35 av dei 108 som var med i fjor deltok i år. Årsaka er kan hende først og fremst Ultravasan som var bare to veker før. På startstreken sto det 84 nye og spente løparar - 61 i ultraløpet som har 3000 høgdemeter og var prøve-NM i terrengultra, og 58 i det som er Norges hardaste terrengmaraton med 1800 høgdemeter. Altså 119 totalt startande, som er 11 meir enn i fjor. Mange telemarkingar melde seg på dei siste par dagane, og fleire lokale imponerte med å fullføre sin første maraton.

Datoen for neste års løp er 5. september, med start klokka 9 eller 10. Arrangøren kjem til å legge ut mengder av bilde- og videomateriale på facebook etterkvart.

 

Resultat: http://www.nissedal.no/Bedrift/Telemarks-Toeffaste/Resultat-2014

Speaker_Hoelje_Haugsjaa_640.jpg
Speaker Hølje Haugsjå intervjuar ultravinnar Tom Erik Halvorsen, som kom i mål på 8 timar og 16 minutt

 

Paul_Raistrick_640.jpgNr.2 på ultra Paul Raistrick frå Skottland, var godt nøgd med løypa og naturen

Simen_Ellingsen_Rustad_640.jpg
Pallfavoritt på ultra, Simen Ellingsen Rustad, gjekk i tenkeboksen halvvegs, og ga seg , sidan han ikke hadde dagen

Kristoffer_Hook_640.jpgKristoffer Höök, syvende plass på årets TT-ultra

Halvor_Homme_640.jpg
Nissedals ordførar Halvor Homme er sjølskriven som speaker. Intervjuar her Kolbjørn Birkrem frå Seljord, opprinnelig Treungen.

Ingunn_Bjoraa_640.jpg
Ingunn Bjørå, andreplass ultra, er tydeligvis ferdig for dagen

Joern_Ivar_Holland_640.jpg
Nr.2 på maraton, Jørn Ivar Holland flankert av speaker Hølje og løpsleiar Helge

 

Maratonpallen_640.jpg
Maratonpallen nr.2 Sølvi Stensli, nr.1 Mona Nordbø og nr.3 Julia Paduch

prmeiepall_menn_640.jpg
Maraton menn, frå venstre Jørn Ivar Holland, nr.2 Joel Pedro nr.1 og nr.3 Frode Amundsen

matstasjon_etter_23km_640.jpg
Populær matstasjon på Lia etter 23 km

Nissedal_Roede_Kors_640.jpgNissedal Røde Kors står klare til sårbehandling og hjelp ved depote til ultraløparane

 

ultrarekruttar_640.jpgGodt nøgde ultrarekruttar etter barenløpet

 

deltakerbokser.jpg
Eg HE Fullført Telemarks Tøffaste, står det på årets trøyer, på klingande Treungendialekt