I store løp med store pengepremiar skal det mykje til for at raskaste kvinne spring fortare enn raskaste mann. Her ser vi dei to vinnarane – og tidene deira – i siste utgåve av det ca. 90 km lange Comrades Marathon.

Er kvinner betre enn menn berre løpa blir lange nok?

Simen Holvik sette i haust norsk og nordisk rekord på 6-dagarsløp, men vart klart slegen av ei kvinne. Er det slik at berre løpa blir lange nok, så blir kjønnsforskjellen viska ut?

Publisert

BBC hadde nyleg ein lang artikkel om temaet med overskrifta «Er kvinner betre enn menn i langdistanseløping?» I artikkelen la dei fram fleire døme på at kvinner hadde hatt best tid i lange ultraløp, og argumenterte for at kjønnsskilnaden blir gradvis mindre jo lengre løpa blir.

BBC hadde nyleg ein lang artikkel om temaet med overskrifta «Er kvinner betre enn menn i langdistanseløping?» I artikkelen la dei fram fleire døme på at kvinner hadde hatt best tid i lange ultraløp, og argumenterte for at kjønnsskilnaden blir gradvis mindre jo lengre løpa blir.

Mellom anna viste dei til RunRepeat sin statistikk frå over 15 000 løp mellom 1996 og 2018. Der målte dei snittfarten til dei kvinnelege og mannlege deltakarane. På maraton var skilnaden på 11,1 prosent i favør mennene, på 50 km 5,3 prosent, på 100 km 0,5 prosent, på 100 miles 0,3 prosent og på løp lengre enn 195 miles (314 km) var kvinnene i snitt 0,6 prosent raskare.

I BBC-artikkelen blir det hevda at årsakene kan vera at kvinner er betre til å disponere, at dei har høgre smerteterskel og er meir vane med nattevaking enn menn. I tillegg blir det argumentert for at kvinner har betre feittforbrenning, høgre prosent langsame muskelfibrar og meir motstandskraft mot trøttheit.

Det kan høyrest overtydande ut. Men det er viktig å skilje klart mellom to ting:

  1. Gjennomsnittsfart blant alle deltakarar (det RunRepeat-statistikken måler).

  2. Elitenivået – skilnaden mellom dei absolutt beste kvinnene og dei absolutt beste mennene.

Statistikken BBC byggjer på, viser at gjennomsnittsfarten til kvinner og menn nærmar seg når distansen blir lengre. Den seier derimot lite om kva som skjer når dei aller beste stiller til start. På elitenivå ser vi framleis ein stabil skilnad på rundt 8–13 prosent på dei fleste distansane – inkludert mange ultradistansar. Fordelane ved til dømes høgre oksygenopptak og større muskelmasse hos menn ser ut til vege mykje tyngre enn dei ultraspesifikke fordelane kvinner har ifølgje BBC-artikkelen.

Høgre terskel

Eit forhold som truleg gir stort utslag på RunRepeat-statistikken, er at terskelen for kvinner til å stille opp i ultraløp, ser ut til å vera høgre enn for menn. Berre om lag 20 prosent av deltakarane i ultraløp er kvinner. Med andre ord er det nok langt fleire menn enn kvinner som (i overmot) sleng seg med i ultraløp utan å vera særleg godt førebudde. Dei relativt få kvinnene som stiller, er truleg i snitt betre trena enn mennene, og det kan fort gi dei utslaga statistikken viser. 

Det same overmotet som kan få menn til å hive seg på lange utfordringar, kjem nok ofte òg til syne i disponeringa. Og at ei hard opning går utover snittfarten på heile distansen, er å forvente. 

Korfor er det da slik at vi med ujamne mellomrom likevel kan sjå at ei kvinne slår alle menn i ultraløp? Hovudgrunnen er antakeleg den same som gjer at ei kvinne av og til får beste totaltid i korte løp: At nivået i herreklassen i det aktuelle løpet rett og slett ikkje var på aller høgste nivå.

Eit døme: Med 31.36 kan Hanne Mjøen Maridal vera første løpar i mål i ei rad med 10 km-løp i Noreg, men i eit stort løp som «10 for Grete» i Oslo Maraton, får ho brått 34 menn framføre seg.

Om ein mann blir slått av ei dame, kan han likevel ha gjort eit godt løp. 31.37 på 10 km er under NM-kravet for menn, men det er verken norsk eller internasjonalt toppnivå.  

Same fenomen

Er det ein distanse som mange driv med, og der mange av dei aller beste stiller til start, vil det vera ein mann som vinn. Skilnaden ser ikkje ut til å bli mindre jo lengre distansen blir, men sia det er veldig få som spring til dømes 6-dagarsløp, så aukar sjansen for at det er ei kvinne som vinn.

Vi såg det same fenomenet i veteran-VM i friidrett som nyleg gjekk i Sør-Korea. Der hadde beste kvinne i 70-årsklassen i 10 km kappgang, 2 minutt betre tid enn vinnaren i same herreklasse. Det skjedde ikkje fordi 70 år gamle kvinner har betre fysiske føresetnader for å gå fort enn menn, men fordi det var få som deltok (fire kvinner og ti menn), og fordi nivået ikkje var særleg høgt på herresida. At vinnartida i 70-årsklassa for menn var 4 minutt dårlegare enn i 75-årsklassa for menn, understrekar det. Alternativet er å seie at menn i klasse 75-79 år har betre naturlege anlegg for å gå fort enn menn i klasse 70-74 år, og det gir jo inga meining.

Megan Eckert sette verdsrekord for kvinner og slo alle mennene i VM 6-dagars. I tillegg sprang ho lenger på 6 dagar enn det nokon amerikansk mann nokon gong har gjort.

Ca. 10 prosent forskjell

På dei løpsdistansane kor nivået er verkeleg pressa, ligg kjønnsskilnaden på pluss/minus 10 prosent. På maraton er den nede i 8,73 prosent, men det er takka vere dopingtekne Ruth Chepngetich, som sprang på 2.09.56.

På dei fleste ultradistansane er skilnaden mellom kvinne- og herrerekordane større. Berre 6-dagarsløp skil seg vesentleg ut med ikkje meir enn dryge 2 prosent i skilnad. Men så lenge så få løparar har testa ut potensialet sitt på 6-dagarsløp, er det liten grunn til å tru at kvinner har like gode føresetnader som menn til å bli best. Eit supertalentfull kvinne kan slå ganske så gode menn på alle distansar, men møter ho menn som er like talentfulle og like godt trena som seg sjølv, vil mannen springe fortast. Truleg har den supertalentfulle mannen enno ikkje trena for og sprungi 6-dagersløp under gode forhold.

Men skulle det skje at 6-dagarsløp blir så populært at vi får mange løp med tusenvis av deltakarar som blir lokka av kjempestore premiepengar, og kvinnerekorden framleis er berre 2 prosent dårlegare enn herrerekorden, skal eg vera den første til å gi BBC rett.  

At spriket på kjønnsforskjellen mellom kvinner og menn varierer såpass mykje på dei ulike ultradistansane, er òg ein indikasjon på at nivået i ultraløp enno ikkje er ordentleg pressa. Det er ikkje nokon grunn til at skilnaden skal vera på 7,55 prosent på 100 km og 13,49 prosent på 100 miles. Om kvinnene hadde ein fordel jo lengre distansen vart, burde forholdet heller vori omvendt.

Verdsrekordane for menn og kvinner og den prosentvise forskjellen på lange distansar

Distanse Herrerekord Damerekord Forskjell %
Maraton1:59:30 (S. Sawe, 2026)2:09:56 (R. Chepngetich, 2024)8,73 %
100 km6:05:35 (A. Sorokin, 2023)6:33:11 (T. Abe, 2000)7,55 %
100 miles10:51:39 (A. Sorokin, 2022)12:19:34 (A. Paulson, 2026)13,49 %
24-timersløp319,614 km (A. Sorokin, 2022)278,622 km (S. Webster, 2025)12,83 %
48-timersløp485,099 km (M. Bonne, 2025)436,371 km (P. Bereznowska, 2025)10,04 %
6-dagersløp1045,519 km (M. Bonne, 2024)1024,319 km (M. Eckert, 2026)2,03 %

Prosenten fortel kor mykje svakare kvinnerekorden er enn herrerekorden

UTMB og Comrades

Yngvild Kaspersen har vunni CCC to gonger, men i eit så stort løp med store premiar er det ingen som forventar at ho skal springe like fort som mennene.

Ser vi på resultata frå kanskje verdas mest prestisjefulle ultraløp, UTMB, er det heller ikkje noko som tyder på at kjønnsforskjellen blir mindre jo lengre distansane blir. På OCC (60 km) i år var kjønnsforskjellen målt i vinnartid på 18,70 prosent, på CCC (108 km) var den på 15,99 prosent, på TDS (148 km) var den på 13,65 prosent, medan den på hovudløpet, UTMB (174 km), var på 19,91 prosent. Altså størst skilnad på det lengste løpet, og over dobbelt så stor som det den er på maraton. Det er ikkje umogleg at dei kuperte og svært så krevjande løypene, som set store krav til muskelstyrke, bidreg til å auke kjønnsskilnaden.

I verdas eldste og største ultraløp på veg, Comrades Marathon med ca. 20 000 deltakarar, er kjønnsforskjellen på løyperekordane på 9,15 prosent oppover og 9,85 prosent nedover. Den er altså om lag den same som på maraton, noko som er å forvente når eit så stort løp med så store pengepremiar har vori arrangert så mange gonger.

Vi kan òg ta med Backyard Ultra som tek til å bli populært. Der er verdsrekorden for kvinner heile 20,17 prosent svakare enn for menn. I lengd liknar Backyard Ultra ganske mykje på 6-dagarsløp. Herrerekorden i Backyard Ultra er på 798 km, noko som vil seie at Phil Gore som sette den, heldt på i 199 timar (≈ 5 døger).

Kvinneklasse trengst

Så ta myta – og BBC-artikkelen – om at kvinner utkonkurrerer menn berre distansen blir lang nok, med ei klype salt. Akkurat som du bør lese denne artikkelen med tilsvarande skepsis.

Det er ein grunn til at vi har ein eigen kvinneklasse, og behovet ser ikkje ut til å vera noko mindre på ultraløp enn på kortare distansar. Dei (Backyard) ultraløpa som ikkje har ei eiga resultatliste for kvinner, gjer kvinnene urett.

Powered by Labrador CMS