NYTT VELLUKKA "OSNES RUNDT"
100 personar stilte opp i det 25. Osnes rundt i Etne. Det var heile 40 fleire enn i fjor. I løpsklassen for dei vaksne var det 27 deltakarar. Av dei var det 7 damer.
8.5 km tung løype
Løypa har start og mål på Etne stadion og er målt til 8.5 kmm med om lag ein tredel på grus . Ho er særs kupert og tilsvarande tung. Men det er flott natur langs Åkrafjorden i starten, på ein av dei få attverande grusvegane i Hordaland, mens byrjing og slutt er på asfalt. I år kom det i tillegg styrtregn under løpet. Men det var mange blide andlet og sjå.
Kjempeflott 1. premie!
Heile 3000.- spanderte arrangøren Etne IL på raskaste kvinne og mann i høve 25. Osnes rundt. Og som me ser på resultata gjekk heile potten til Røldal.
Knallsesong av Grethe Tesdal!
Grethe Tesdal frå Etne har lenge vore ei av dei mange spreke - gutar og jenter - som ikkje har stilt opp i konkurranse fordi dei har for strenge krav til seg sjølv. I sommar har alltid smilande Grethe 4 x 10 år, stilt opp i tre konkurransar og gjort det skarpt i alle. Fyrst 3. plass i motbakkeløpet Langfoss Opp 3. juli. Rett bak meriterte Miriam Berg Hovda. Så vart det 3. plass i Langs Åkrafjorden. Og i helga vart det 2. plass i Osnes rundt. "...slike friske jenter det vil idretts-Norge ha...".
Stutekalven Gaute...
Den spreke bonden Harald Måge srang Osnes rundt på 39.39. Ein god del betre enn i fjor for 56 åringen. Då han kom heim etter løpet, var ei ku i ferd med å kalva. Ein stutekalv. Namn? Gaute Kvåle vann Osnes rundt, og då vart det naturlegvis namnet på den nye kalven.
Dei 6 beste damene (uansett klasse):
1. Kjersti Fresvik, Røldal IL 33.11
2. Grethe Tesdal 36.59
3. Mary Ann K. Skavlid Røldal IL 40.09
4. Bodil Melkevik Haugesund IL 41.16
5. Anne Kleiven 45.36
6. Gunhild Haukeland Haugesund IL 50.11
Dei 6 beste mennene (uansett klasse):
1. Gaute Kvåle, Røldal IL 28.57
2. Nils Kristian Berge Røldal IL 30.23
3. Thor Arne Dommersnes Stegaberg IL 30.40
4. Lars Kvåle Røldal IL 32.30
5. Skjalg Duesund IF Klypetussen 34.50
6. Kurt Reidar Jegteberg Matre IL 35.07
Kjempeløparar frå Røldal: Kjersti Fresvik og Gaute Kvåle. Foto: Kondis/Gisle Sellevold
Mary Ann Kvåle Skavlid nr 3 av jentene. Røldal IL har veldig mange gode!
Arne Innbjo ein av dei mest trufaste. "Utan fløytekake stoppar Arne..."
Far og son Kurt og Kurt Jegteberg varmar opp før det 25. Osnes rundt.
"Osnes rundt" konkurrerte med Olav Vik markering. Kondis fekk med seg begge delar.
Olav Vik var skogreisar, revisor og diktar. Det vart markert 100 år sidan han vart født.