Fullstendig resultatliste


Foto: Jan Ringheim

 
Ikkje alle hadde tid å nyta det flotte synet av Huldafossane, men heldigvis var Kondisfotografen ute i god tid.  



Martin-Kjäll Ohlsson likte godt den nye løypa i Mensen Ernst Minneløp. Her han nesten ute ved vending. 


Asbjørn Wold frå Vik, 21 år gammal skiskyttar, ga Ohlsson god konkurranse. 


Motbakkeløpar Leif Bjørn Grindedal frå Feios klarte seg bra både i oppover- og nedoverbakken.


Full konsentrasjon: Kjetil Dyrvik frå Voss 
 


Hilde Fenne på veg nedover etter vendig.


Ragnhild Andersson frå Sogndal er langdistanseløpar i BFG Fana, og tok innpå Hilde Fenne i unnabakkane ned mot mål. 


Nummer tre av damene, Lina Rivedal frå Vik. 

Kondis.no meiner:
IL Modig i Fresvik har gjort et bra val av ny trase, denne 15 kilometer lange løypa er langt meir spennande enn den gamle løypa langs fjorden. Den er sjølvsagt også hardare, med ei stigning på knappe 400 meter før vending. Både motbakkeløpararar og landevegsløparar vil lika løypa så lenge dei toler nedoverbakkane på grus og asfalt.

Det var god løypemerking og rikeleg med drikkestasjonar. Også den delen som gjekk på sti, var tørr og fin sjølv om det har vore regn siste dagane.

Det er praktisk talt ikkje trafikk langs løypa, og sjølv om det er mykje skog, er det flott landskap å sjå på for dei som hadde tid til det. 

Elles meiner vi IL Modig kunne løyst litt opp på regelen om  å vera på plass ein time og eit kvarter før løpet for å melda seg på og henta startnummer. Dette kan ikkje vera nødvendig, i alle fall ikkje i eit så lite løp, men det kan vera ei ulempe for tilreisande.

Det er svært god premiering i dette løpet, det er både pengepremie til dei tre beste totalt og til dei beste i kvar klasse. I tillegg fekk alle i aktiv klasse ei flott T-skjorte frå løpet. 


 

 
Julie Kristine Næss vart nummer fire totalt og nummer to i klasse 21-34 år. Tida vart 1.23.16.


Joar Grov Turvoll frå Vik vart nummer to i klasse 17-18 år på 1.05.07.


Trud Endestad frå Vik /Hemseid IL hadde femte beste tid av damene og klassevinnar i 35-39 år.


Arild Orvedal frå Vik, 1.19.31.


Kari Heggdal Skogen, VIkane IL, yngste kvinnelege deltakar, sprang på 1.36.42.


Marek Gadzinska, 1.07.51.


Dei tre beste damene og ein liten kar som fotograferer mor si. Frå venstre nummer to Ragnhild Andersson, Hilde Fenne og Lina Rivedal.


Frå venstre vinnaren Martin-Kjäll Ohlsson, nummer to Asbjørn Wold og nummer tre Leif Bjørn Grindedal.