På førehand hadde Arrangør IL Modig og Aurland IL håpa på å få omlag 100 deltakarar. Det vart 180 med i 87 i konkurranseklassane. Arrangementet vart ein suksess i godt samarbeid med værgudane. Arrangøren hadde marknadsført løpet som eit ekstremt løp i ekstrem natur, men løypa var heldigvis ikkje så ekstremt bratt (43%) som ein kunne få inntrykk av ut frå løypeinfoen på førehand. Sjå førehandsomtale 27. juli på Kondis.no

Foto Christian Prestegård . Dei tre raskaste damene. Frå høgre Merete Helgheim, Hilde Fenne og Trude Andersen

Foto Christian Prestegård. NRK Profilen Dag Lindebjerg var speaker på toppen og leia etterpå premieutdelinga nede ved Bakka Skule.

Øyvind Heiberg Sundby , kom småspringande oppover sjølv i dei aller brattaste partia av løypa, medan Joel Dyrhovden på andre plass kom klyvande oppover med lange steg. For min eigen del blir det meir turmarsj enn løp når det er så bratt. Foto Ragnhild H. Skahjem

Anna Margrethe Tråve, Lærdal IL vann kl. 55-59år og vart nr. 4 totalt av alle damer med tida 35,09. Foto Ragnhild H. Skahjem

Foto Christian Prestegård. Merete Helgheim "omkransa" av Jann Olav Tjønneland, Viksdalen ( kl. 35-39år) til venstre og Kjell Mundal, Jølster IL ( Kl. 45-49år) til høgre. Mundal og Tjønneland er blant dei mest aktive motbakkeløparane i landet og som oftast på toppen av resultatlista i sine klassar. I år har Mundal imponert med særs gode tider og klare sigrar i si klasse. I Rimstigen Opp vann han klasse 45-49 år på tida 28,40 medan Tjønneland fekk sluttida 29,02.

Joar Tistel, Vik, (57) gjorde "comeback" som motbakkeløpar etter fleire års "pause". Tistel var med i starten av motbakkeløpbølja i Fanaråken Opp www.fanaraaken.com og Skåla Opp www.skaala.no i 2002-2005. Tistel som tidlegare satsa på Skiskyting har vore ein topp multisportutøver med m.a. totalsiger i Superbirken. Bakerst i denne trioen er Kjell Mundal, Jølster IL. Foto Ragnhild H. Skahjem

Skjalg Duesund, IF Klypetussen fekk særs tøff konkurranse i kl. 60-64år og vart nr. 2 med tida 36,40. Foto Ragnhild H. Skahjem

Foto Christian Prestegård. Etter premieutdelinga hadde Indre Sogn Kystlag dåpsseremoni for den nye Sognebåten sin som me ser bak ordførar Olav Ellingsen og Dag Lindebjerg. Då er det berre å setje seg i robåten og ro ut Nærøyfjorden og inn Lustrafjorden til endestasjonen Skjolden for verdas lengste fjord Sognefjorden. Der går Buff Fanaråken Opp 6. august www.fanaraaken.com