Og marknadsføringa lyg ikkje ! Løpet er ekstremt bratt.

Løypa startar ved skulen på Bakka omlag 4 km utover vestsida av Nærøyfjorden frå Gudvangen. Første 500 meter av den 2,2km lange løypa er flat grusveg i retning Tufto, deretter går løypa RETT OPP ! langs bratt og god sti i 1,7 km til Rimstigen, 725 meter over havet. Dei siste 1,7 km av løypa stig den 43% ! Brattare løp har eg aldri delteke i.  Frå toppen er det storslagent utsyn over det fantastiske fjordlandskapet som også er å finna på Unesco si verdsarvliste

Kan vi kalle dette løp ? Er ikkje dette meir klatring "på alle fire" ? Er det forsvarleg å arrangere løp her opp dei stupbratte fjellsidene i Nærøyfjorden ?...tenkte eg og ringte til Olav Terum i Aurland IL. Jau stien er heilt trygg den og du treng ikkje å vere redd for å ramle ned, seier Terum.  Samtalen enda med at eg meldte meg på i konkurranseklassa i mi evige jakt på nye OPPTURAR . I Rimstigen Opp skal eg gjere noko eg ikkje kan ; å bevege meg fort i stupbratt terreng...Eg presterer best som motbakkeløpar når eg kan springe frå start til mål...og i dette løpet tvilar eg på om nokon klarar å springe heile vegen....

Vel eg må vel innsjå at eg må trene meir i BRATT terreng for å bli betre i fleire av dei største motbakkeløpa i Noreg som Skåla 1848m rett opp, Stoltzekleiven Opp og Fanaråken opp som er ekstremt bratte løp. Det kan sjå ut til at det nettopp er det ekstreme som blir dei store deltakar-suksessane innan motbakkeløp i Noreg.

Sjølv håpar og trur eg at Rimstigen Opp blir ei flott oppkøyring til Buff Fanaråken Opp veka etterpå den 6. aug.

For påmelding og info sjå HER ! 

I løpsinfoen står det at frist for påmelding i aktiv klasse ( dvs. konkurransekl. ) er 26. juli, men arrangøren har no informert Kondis.no om at det blir etterpåmelding også løpsdagen ved start fram til kl. 11.00 mot eit etterpåmeldingsgebyr på kr. 100. Ta likevel straks kontakt med Olav Terum: olavter@online.no /Mobil: 99 41 44 96 eller Dee Cunningham: post@stigengard.no/Mobil: 48 13 33 70 , dersom du vil etterpåmelde deg.

Merk at i trimklassa er det annonsert påmelding ved start heilt fram til kl. 11.00 som er siste frist for å starte i trimklassa som har fri start mellom kl. 10 og 11. I konkurranseklassa går starten kl. 12.00. Merk også at du må parkere bilen i Gudvangen og så er det gratis transport med minibussar i 4km til start ( dei går i skytteltrafikk ) !  

 

 

640_RimstigenOpp

Olav Terum seier til Kondis.no at løpet til ein viss grad kan minne om Stolzekleiven Opp. Løypa eignar seg svært godt som oppkøyring til Fanaråken opp 6. august www.fanaraaken.com og Skåla Opp 13. august www.skaala.no, Lengda på løpet er svært overkommeleg og Terum trur at vinnartida vil bli godt under halvtimen.

Arrangøren lovar flotte premiar på loddtrekning, buff til alle som deltek, klassevinnarpremiar og pengepremiar til tre beste kvinner og tre beste menn.

Dag Lindebjerg (NRK-profil) stiller som speaker på toppen og ved premieutdelinga.

Profilerte deltakarar: Så langt er kring 55 påmelde i aktiv klasse. Nybakt noregsmeistar i motbakkeløp for senior, Øyving Sundby Heiberg, og juniormeistar i klasse U-23, Joel Dyrhovden, er på startlista. Desse hadde eit spennande oppgjer i NM i motbakkeløp, og der Dyrhovden kom til topps før Heiberg.

I kvinneklassa finn ein sterke motbakkeløparar som Merete Helgheim og Anna Margrethe Tråve.

Premieutdeling med døyping av Sognebåt: Premieutdelinga vert i den vesle grenda Bakka kl 15.00, og i samband med denne delen av arrangementet skal Indre Sogn Kystlag døype ein nybygd sognebåt. Fylkesmann, Anne Karin Hamre, er gudmor og skal stå for døypinga. I tillegg skal trebåtentusiasten, Halvard Toften, og Hardanger Fartøyvern senter ha innslag under sermonien. Båten skal deretter roast til Dyrdal, ei veglaus grend lenger ute i Nærøyfjorden. Her vert båten stasjonert, og kan leigast av dei som måtte ha interesse.

Merk at det ikkje er garderobar i Bakka,og arrangøren anbefaler ein forfriskande dukkert i Nærøyfjorden.

640_Naeroyfjorden