Toppbildet: Frå venstre: Tove Mostrøm som ble nr. 2 på 20,51. Nancy Sommer ble nr. 1 på 19,15 og 3. plassen gikk til Ingri M Birkeland med 20,56.

Osterøy IL arrangerte lørdag Bjarte Viks Eliteløp. Det var gode løpeforhold, - stille, litt yr og 10 plussgrader. Med 51 deltakere ble det tangering av deltakerrekorden.

Rapport fra arrangøren

Mulugeta Zewde var i ein klasse for seg sjølv og vann den mest overlegne sigeren i Bjarte Viks Eliteløp nokosinne. Tida 14.29 var ein svært sterk prestasjon i den 5046 m lange løypa. Nancy Sommer vann dameklassen nesten like suverent på tida 19.15. 

Dei  51 eliteløparane fekk fine oktoberforhold med 10 plussgrader, nesten vindstille og lett regn. 
- Dei siste åra har det vore rundt 50 deltakarar, og det er nett passeleg. Dette er eit eksklusivt og lite eliteløp, og vegen innover fjorden til Bruvik er ikkje dimensjonert for fleire, spøkte Bjarte Vik i sin tradisjonelle velkomsttale til startfeltet.
 
Dette var det 16. løpet sidan Osterøys langdistanseløpar Bjarte Vik innleidde si eiga 30-årsfeiring med eit løp frå Skaftå til Bruvik.
- Dei første åra var nok velkomstalen mest for å psyka ut konkurrentane mine, men eg har nok mildnast noko med åra, avslørte Vik. 

Ein som ikkje var mild, verken mot seg sjølv eller konkurrentane, var Mulugeta Zewde frå Norna-Salhus.  Han la ut i eit mordarisk tempo og klarte å halde trykket oppe sjølv om han aldri høyrte anna enn sine eigne steg og pust, og heller  ikkje ante korleis han låg an tidsmessig undervegs. Mulugeta vart klokka inn på tida 14.29, ei tid som tilsvarer mykje godt det same som 5000 m på ei friidrettsbane. Mulugeta var 18 sekund bak løyperekorden til Morten Velde. 

Ein kvintett Ia seg på respektfull avstand den første lette kilometeren, før evigunge Alemayehu Sitotaw langsamt drog frå kobbelet av løparar. Bjarte Vik følte seg litt fram i starten, og då han skrudde opp tempoet ved passering 3 km, var det berre Fri-løparen Jan Henrik Olsnes som makta å henga på. 
- 800m før mål var det slutt på kreftene, men eg er godt fornøgd med 16.34 og pers  i denne løypa, sa Jan Henrik Olsnes etter løpet. Alemayehu Sitotaw fekk 16. 15, medan Bjarte Vik kom inn på 16.25.            

Det var mange jamne duellar innover Bruvikstranda, noko eit etter kvart sakkunnig lokalt publikum visste å setja pris på inn mot mål. I dameklassen vart som forventa Nancy Sommer litt for sterk for dei lokale damene frå Osterøy. Ho kom inn på 19.15. På 20.50-talet følgde eit tett lokalt beite med Tove Mostrøm, Ingri Mjelde Birkeland og Randi Nordås. Bruvikbusette Mostrøm viste seg sterkast i spurten, til ellevill jubel frå det lokale publikum.       

Av andre resultat må 13-årige Hans Magnus Haukøys fine tid på 17.13 nemnast. 62-årige Ove Bernes frå Mjøsdalen IL med 17.23, må også seiast å vera i klassen særdeles imponerande.    

Les mer og se bilder på hjemmesiden til Bjarte Viks eliteløp

Foto: Arrangør

beste_herrer.png
Frå venstre: Bjarte Vik på 3. plass med 16,25, vinnar Mulugeta Zewde på gode14,29 og på 2. plass Alemayehu Sitotaw 16,15