Då påmeldinga til konkurranseklassa blei opna i fjor haust, blei makskvoten på 800 deltakarar fullteikna på under ein time.

Blant kjende løparar som stiller til start i år nemner vi løparpara Antonella og Jonathan Wyatt og spanske Laura Orgue og Joan Freixa. Dessutan skotske Andrew Douglas, sveitsiske David Schneider, verdsmeister og løyperekordhaldar Anita Håkenstad Evertsen, Stian Angermund-Vik, europameister Eli Anne Dvergsdal, Kirsten Marathon Melkevik, May Britt Buer, Rebecca Hilland og evigunge Kristen Skjeldal.

Fleire av desse hevdar seg heilt i verdstoppen i motbakkeløp, og løyperekordar kan stå for fall! I så fall vankar det ein velfortent rekordpremie på NOK 120.000,-. Og enda fleire profilar kan vere på veg!
      
Nytt av året; alle deltakarar i trim og konkurranseklasser er med i trekninga av fri bruk av ein sponsorbil i eit år samt mange andre flotte premiar.

Skåla Opp helga inneheld òg kickoff på fredag, Kongleriket Mini Skåla Opp for barn opp til 12 år, streaming, ekspertkommentarar og trubadurar i teltet på Tjugen samt premieutdeling og grillparty laurdag kveld på Hotel Alexandra.
 
Du har framleis nokre veker på å finpusse forma til motbakkefesten i Loen i midten av august!
 

Anita_H_Evertsen_mot_toppen_Foto_Chr_Prestegaard.jpgAnita Håkenstad Evertsen var raskest av de norske i Skåla Opp i fjor.  (Foto: Christian Prestegård)
Anita har vunnet Skåla Opp fire ganger og har løyperekorden.


Det er fortsatt mulig å melde seg på i BMI-klassen (over 90 kg) og i trimklassen. Det er også anledning til å kjøpe startplass i konkurranseklassen av løpere som trekker seg.

Sjekk ut den flotte reportasjen fra fjorårets Skåla Opp og se historien fra alle årene på samlesiden for Skåla Opp.

Mer om Skåla Opp på hjemmesiden.