Eplehagar i Lofthus i Hardanger. På den andre sida av fjorden her skal Hardanger Sidermaraton arrangerast neste år.

Noregs vakraste og mest velsmakande maraton

I Europa finst det løp der vingardar og lokal mat er ein del av sjølve løypa. No får Noreg sin eigen variant. Laurdag 26. juni 2027 vert den fyrste utgåva av Hardanger Sidermaraton arrangert.

Publisert

Løypa i Hardanger Sidermaraton går langs vestsida av Sørfjorden og tek deltakarane med gjennom frukthagar, kulturlandskap og idyllisk vestlandsnatur. Arrangørane skal visa fram Hardanger på sitt beste gjennom mat, drikke og kultur.

Løypa er om lag 22 km lang, altså nærare halvmaratondistansen enn ein full maraton. Ho går på veg, sti og traktorveg frå Grimo til Vikebygd. Løypa kan vera bratt og tidvis utfordrande for nokon, men undervegs ventar det mat og drikke, underhaldning, kulturinnslag og vakker natur som gjev motivasjon til å halda fram.

Det er lagt opp til ti stopp på gardar der frukt og sider har vore ein del av kulturen og næringa i generasjonar. Kvar produsent vil setja sitt eige preg på stoppet sitt. I tillegg vil det vera stopp med lokalmat, musikk og andre kulturelle innslag. 

«Hardanger Sidermaraton er fyrst og fremst ei kulturell oppleving. Du vel sjølv om du vil springa for å få ei god tid, eller gå innimellom og nyta utsikta. Målet vårt er at deltakarane skal få oppleva det autentiske Hardanger på ein ny og annleis måte», seier Anna Gursli Langesæter. Ho er styreleiar i Hardanger Smaksmaraton, foreininga som står bak arrangementet. Med seg i styret har ho engasjerte personar frå ulike delar av Hardanger med erfaring frå løp, kulturarrangement, festivalar, frivillig arbeid, lokalmat, siderproduksjon, hotell og reiseliv.

Alle er velkomne
Hardanger Sidermaraton handlar ikkje om å koma fyrst i mål, men om alt du opplever på vegen. Dei som ynskjer det, kan halda eit høgt tempo og vera effektive på alle stoppa. Andre, truleg dei fleste, vil ta seg betre tid, snakka med folk og nyta omgjevnadane. Begge delar er lov så lenge ein held seg innanfor makstida.

Publikum og heiagjengar, både lokale og tilreisande, er velkomne til å skapa liv langs løypa.

Fokus på tryggleik
Arrangørane veit at kombinasjonen av fysisk aktivitet og alkohol vil føra til kritiske spørsmål. Tryggleik og ansvarleg gjennomføring er tekne på alvor i planlegginga av arrangementet. Mellom anna vil det vera vatn og gode alkoholfrie alternativ på alle stoppa i løypa. Ingen treng å drikka alkohol under løpet. Opplevinga skal kunna vera vel så bra utan. Sider med alkohol vert berre servert i små, oppmålte smaksprøvar, og all alkohol skal drikkast innanfor avgrensa og oppmerka område. Arrangørane jobbar også med ein tryggleiksplan og er i dialog med dei aktuelle styresmaktene.

«Dette skal ikkje handla om å drikka mest mogleg. Det skal handla om å oppleva kulturen, fjorden, folka og landskapet der eplet har vore ein viktig ingrediens i mange hundre år», seier Langesæter.

For heile Hardanger
Arrangementet skal vera ein stad der lokale produsentar, reiselivsaktørar og kulturlivet møter både tilreisande og lokale. Inspirasjonen kjem frå tilsvarande løp i utlandet. I Hardanger får konseptet si eiga form, bygd rundt gardane, naturen og historia.

Eit slikt arrangement krev mykje logistikk og mange involverte aktørar. Det vert eit avgrensa tal plassar det fyrste året, men målet er at arrangementet skal veksa forsvarleg i framtida.

Meir informasjon om løypa, program, transport og tryggleik vert lagt ut på sidermaraton.no 1. desember 2026.

Pressekontakt: 
Anna Gursli Langesæter, styreleiar i Hardanger Smaksmaraton

Telefon: 958 90 237
E-post: post@sidermaraton.no

org.nr: 938686556

Eit kjent idrettsarrangement som går langs Hardangerfjorden er sykkelrittet Bergen - Voss. Her eit bilete frå rittets 50. års jubileum i år. No blir det altså eit maratonløp som går i sidearmen Sørfjorden.

 

Powered by Labrador CMS