Det var over 400 deltakarar som kom i mål på ein strålande løpsdag i den 3,7km lange og bratte motbakkeløypa med 903 m høgdeskilnad mellom start og mål.

Ei begeistra og kjempenøgd Bjørghild Holien i arrangørstaben til Lærdal IL ringde opp Kondis.no då ho var på veg ned frå toppen og kunne melde om eit nytt suksessarrangement i praktfullt løpsvær med 412 deltakarar i mål . Det var 112 i konkurranseklassa og 300 i mosjon/trim.

For info og foto frå løpet sjå www.storehaugenopp.com

640_Red_Merete.jpg
Merete Helgheim, Gloppen Friidrettslag i mål som vinnar av dameklassa for tredje gong på tida 40.59 ( foto Jan Christian Jerving). Guri Wangensteen på andre plass var nesten 3 min etter Merete i mål på tida 43.56.   

Fullstendig resultatliste http://topptid.no/results/app/race/1079

De raskeste:

2014_ 640Pk_ 10 beste menn og kvinner.jpg