Det finst ikkje så mange idrettskonkurransar der ein kan velje mellom fleire ulike idrettsgreiner, men her er Bergsdalen Opp unntaket. Her kan du nemleg velje om du vil springe, sykle eller gå på rulleski opp Bergsdalen ovanfor Dale. Poenget er å klare å komme seg opp den bratte og svingete dalen på kortast mogleg tid, med målgang ved demninga på toppen. 

Dato: Laurdag 8. juni

Arrangementet er ein del av Daledagene
Sted: Dale, Vaksdal Kommune. 1 times køyring frå Bergen.

Starttidspunkt:

11:30: Start Løp 
11:40: Start rulleski klassisk og fristil
12:00: Start Sykkel

Trase: 4 km jamn 10% stigning
Underlag asfalt

Les mer om Bergsdalen Opp på arrangørens sider.

Laurdag 8. Juni går startskotet for 11. gong. Publikum kjem reisande frå heile landet, det er samtidig Daledagane og feststemning i bygden.

Rekordane

Det er på tide å utfordra rekordane  både i løp og rulleski. Torbjørn Ludvigsen sin 16:18 frå 2015 har overlevd mange angrep. Dei neste er berre sekundar bak. På rulleski er Hans Inge Klette sin rekord  på 17:30  og Karoline Simpson-Larsens sin  på 19:53  begge frå 2017 klare til å bli slått.

Sykkel har dei ferskaste rekordane med Ådne Holter på 11:45 og Emma Dyrhovden 15:36 begge frå 2022. Dette er rekordar som er vanskeleg å slå men ikkje umogeleg.

Bestetider2023.JPG

Se Kondisreportasje fra Bergsdalen Opp i 2022:

Ådne Holter_300.jpg

Uno-X-rytter slo uslåelig løyperekord i Bergsdalen Opp

 

Start Løp.jpgFrå starten på løpet, midt i hovudgata på Dale.