Fitjar Halvmaraton 29.juli 2012

Janne_Elin_Vatnaland_Fitjar2012

Janne Elin Vatnaland best på Fitjar

Janne Elin Vatnaland frå GTI (biletet) var beste dame på 1.32.37, beste mann var Markus Selen frå Ørgryte i Sverige. Det var flotte forhold og totalt 32 som deltok i Fitjar IL sitt enkle, men hyggelege sommararrangement.Markus Selen leia med nesten eit minutt på nummer to Wiktor Berg frå Sveio, men sprang feil i siste svingen før mål og fekk ein god omveg rundt Fitjar Idrettspark. Vinnartida er difor estimert.

Publisert Sist oppdatert
Resultatliste Fitjar halvmaraton 2012
Kvinner
1 Janne Elin VatnalandGTI Stavanger1,32,37
2 Klara LyngsnesStord IL1,39,07
3 Bodil Kvernenes NørsethFitjar IL1,46,44
4 Oddny RingheimCSC BIL1,48,23
5 Astrid NybøOs1,48,48
6 Jorunn HagesætherTorvastad1,51,11
7 Yngvild Slettevoldnoteam1,52,11
8 Astrid EspelandSauda IL1,54,37
9 Otaelie ØvrebergKarmsund BIL1,55,35
10 Ingjerd SørheimBUB Bergen1,56,13
11 Elisabeth GrovBremnes2,14,16
12 Anne Elisabeth AskelandKolnes2,30,57
Menn
1 Markus SêlênØrgryte1,23,35
2 Wictor BergSveio IL1,23,54
3 Jan Erlend InnselsetPeab BIL / Team Fjelluft1,28,14
4 Tom Erik VestvikHaugesund IL1,30,17
5 Nils Haktor BuaBua IL1,31,11
6 Tor Henning VestbøstadFitjar IL1,31,35
7 Magne EgelandBjerkreim1,31,50
8 Harald GjøsæterStord1,33,51
9 Roar PedersenFitjar IL1,36,33
10 Per Morten RennanDnB1,42,17
11 Sixto NedkvitneSogndal1,42,28
12 Peter TubaasABB1,43,15
13 Per Erling SeverinsenAIBEL1,43,38
14 Karl Olav GravdalStokk org1,44,56
15 Stein A HøllandHyllsfjorden IL1,45,13
16 Trond VatnalandBokn1,46,19
17 Ivar J HallelandSauda IL1,50,09
18 Michael GunnarsonBUB Bergen1,51,51
19 Arve HenningsenSotra2,01,11
20 Steinar ØenTertnes2,15,14

Sjå bilete frå den flotte, men harde halvmaratonløypa på Fitjar:


Foto: Jan Ringheim


Svenske Markus Sélén leia løpet heile vegen inntil han sprang feil eit par hundre meter før mål. Han fekk likevel førsteplassen.



Nummer to Wictor Berg frå Sveio fekk 1.23.54.


Tom Erik Vestvik, nummer fire.

Tor Henning Vestbøstad først, deretter Nils Haktor Bua og bak Jan Erlend Innselset. Desse tre vart hhv nr 6, 5 og 3.


21 år gamle Janne Elin Vatnaland var kjempefornøygd med løpet, 1.32.37 er svært bra i denne harde løypa. Vinnartida hennar i fjor var 1.35.04. Ho trenar no mot Oslo maraton.


Roar Pedersen (86) og Stein A Hølland


Klara Lyngsnes vart nummer to på 1.39.07. Ho vart nummer to i fjor også, men tida er eit minutt betre i år.


Per Morten Rennan har tydelegvis vore ute på lengre turar enn dette, T-skjorta er frå Rallarvegsløpet 2008.


Per Erling Severinsen


Nummer tre Bodil Kvernenes Nørseth sprang på 1.46.44.


Det var god kvinneandel i løpet, 12 av 32 deltakarar var kvinner. Her har vi nummer fem og sju, Astrid Nybø (79) og Yngvild Slettevold.


Ingjerd Sørheim først, bak kjem Astrid Espeland.


Elisabeth Grov


Steinar Øen har teke turen frå Bergen for tredje år på rad.


Arrangør Øystein Skålevik har dekka opp for deltakarane. Dette er marknadsført som eit enkelt arrangement, men vi mangla ingen ting.


Sixto Nedkvitne kjem i mål på Fitjar idrettspark.


Petter Tubaas kjem i mål på 1.43.15. Men før dette hadde han sprunge frå Leirvik, der han bur, det er 20 kilometer. Han skulle også springa tilbake.


Dei to beste i herreklassen med premien- Markus Sélén og Wiktor Berg.

Powered by Labrador CMS